«Hemminga di»

Regjeringa røysta nei til å inkorporere FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne i norsk lov.

Ein av tre med funksjonsnedsetjingar har vorte utsette for trakassering og hatytringar, ifølgje Norges Handicapforbund.
Ein av tre med funksjonsnedsetjingar har vorte utsette for trakassering og hatytringar, ifølgje Norges Handicapforbund. Ein av tre med funksjonsnedsetjingar har vorte utsette for trakassering og hatytringar, ifølgje Norges Handicapforbund.
Publisert

I eit klasserom i Møre og Romsdal får ein heil skuleklasse utdelt dei gamle babylestane mine. Eg har nett byrja på ungdomsskulen, og mor mi har invitert ein føredragshaldar frå eit kompetansesenter for sjeldne diagnosar. Ho skal fortelje om funksjonshemminga mi.

Hemminga mi, tenkjer eg og fniser. Eg høyrest ikkje rett navla ut.

– Tre ein lest over handa de skriv med, og fest med hårstrikken, demonstrerer mor mi. Så byrjar det: Fleire prøver å halde fast papiret på pulten og skrive namnet sitt med feil hand. Éin prøver å klø seg i øyra, før han legg merke til at det er ein lestekledd ball der handa hans skal vere, og glidelåsen er plutseleg ikkje så enkel som han trudde.

– No veit de kanskje litt om korleis Mone har det, seier mor mi.

I 2019 står eg på kjøkenet og viftar indignert med einhandsboksopnaren min. Førre veke stemte nemleg regjeringa nei til å ta FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne inn i lovverket.

– Noreg må innsjå at menneske med funksjonsnedsetjingar ikkje berre skal vere mottakarar av velferdstenester. Dei skal òg ha fulle menneskerettar, uttala komiteen for konvensjonen for menneske med funksjonsnedsetjing (CRPD).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement