Krig

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.
Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.
Publisert

Kvart år som går, tek med seg kjende og ukjende menneske som ein aldri får sjå igjen. Kvart år som går, feiar inn i fortida hendingar av varierande verdi i løpet av dei siste tolv månadene: giftemål, idrettskonkurransar og offisielle statsbesøk.

I ei krigstid tek det svinnande året med seg mykje meir enn eit fredsår kan. Det sender inn i historia verkstader og fabrikkar, gardar og museum, teater og sjukehus. Det feiar heile byar inn i den ugjenkallelege fortida.

2024, til liks med 2023, tok med seg mange byar og landsbyar øydelagde av Russland. 2024 tok med seg byen Marjinka i Donetsk-regionen, der ingen bur lenger. Titals slike byar og landsbyar leid same lagnad.

Dette året varteit langsamt farvel til den ein gong så blømande byen Pokrovsk i den vestlege delen av Donetsk-regionen. I sommar gjekk det framleis tog til Pokrovsk. I september, da bankar og butikkar byrja stengje ned, var innbyggjartalet om lag 30.000, det halve av folkesetnaden før krigen. 27. september forlét det siste evakueringstoget stasjonen i byen.

Medan russarane heldt fram med å bombe og kaste granatar over Pokrovsk, nekta dei mest stivnakka innbyggjarane å tru at det som hadde hendt med Tsjasiv Jar og mange andre stader i Donbas, ville hende med heimbyen deira – ei langsam, men sikker og fullstendig øydelegging.

I september var russiske styrkar ti kilometer unna. No er dei rett ved byen, og om natta freistar små grupper å bryte gjennom forsvarslinene kring sjølve Pokrovsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement