Historier frå landet vi forlét
Åsne Seierstad har skrive bok om Afghanistan eitt år etter at Noreg og andre vestlege land trekte seg ut. – Bortsett frå at vi har gjeve nokre barn utdanning, er det ingenting att etter oss, seier ho.
I den nye boka si fortel Åsne Seierstad historia til tre afghanarar som er fødde i kvart sitt tiår, og skildrar korleis skiftande forhold og føresetnader har prega livet deira.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det kom brått på dei fleste då Kabul fall og Taliban tok makta i Afghanistan 15. august i fjor, berre veker etter at Nato-soldatane var ute. Journalist og forfattar Åsne Seierstad var òg overraska. Ho hadde ikkje fått med seg den raske framrykkinga til den islamistiske rørsla i vekene før. Det var nesten 20 år etter at ho skreiv Bokhandleren i Kabul og sjølv var i Afghanistan.
Då ho vart oppringd frå medium kringom i verda med spørsmål om å kommentere maktovertakinga, takka ho nei. Men det er over eitt år sidan no. Medan Afghanistan har forsvunne frå avisframsidene og den internasjonale merksemda har flytta seg til andre krigar og kriser, har Seierstad vore tilbake i det krigsherja landet tre gonger og gjort eit nytt djupdykk blant liv og lagnader.
I boka Afghanerne, som kom ut førre veke, fortel ho historia til tre afghanarar som er fødde i kvart sitt tiår, og skildrar korleis skiftande forhold og føresetnader har prega livet deira. Den eine var tre år då Sovjetunionen invaderte landet i 1979, den andre fekk barndomen prega av borgarkrig og Talibans fyrste maktovertaking i 1996, og den tredje kom til verda året før vestlege styrkar invaderte i 2001. Alle tre fekk livet endra i august i fjor.
– Eg ville skrive frå dette fyrste året med Taliban for å syne kva det er som står att etter oss, og kva vi har vore med på. Noreg og andre vestlege land var i Afghanistan i 20 år og gjekk inn med mål om å betre levevilkåra og byggje opp kvinnene si rolle i samfunnet, men ingenting av dette vart ståande. Bortsett frå at landet no har ei meir utdanna befolkning, er det ikkje noko att etter oss. Likevel er det ingen debatt om dette i dag, seier Seierstad til Dag og Tid.
Tre liv og lagnader
I boka fortel ho om Jamila, fødd i 1976, som vart råka av polio som liten. Infeksjonen gjorde henne halt og mindre attraktiv på ekteskapsmarknaden, noko som var medverkande til at ho klarte å mase seg til å få gå på skule saman med brørne sine i staden. Jamila tok høgare utdanning, starta seinare utviklingsorganisasjonen Noor og vart i 2015 viseminister i regjeringa til Afghan Ghani. Då Taliban tok over makta, måtte ho flykte med ektemann og barn og kom til Noreg. Det var her Seierstad kom i kontakt med henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.