Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.
Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.
Publisert Sist oppdatert

Presidentvalet i USA

Ida Lødemel Tvedt skriv stemningsrapportar frå austkysten av USA fram mot presidentvalet.

Veka fram mot valet vitja vi eit Maga-valmøte og ei megakyrkje, eit nedlagt fengsel og ein amishlandsby, Gettysburg og ei halloweenfeiring. Då vi omsider tok inn over oss sigeren til Trump, gjekk vi heimover frå ei antivalvake arrangert av «Forfattarar mot krigen i Gaza». Vi var ikkje overraska, og det trur eg heller ikkje folka rundt oss var, ikkje eigentleg. Korkje hjå republikanarar eller demokratar merka vi mykje til dommedagskjensla og hysteriet som rådde før og etter valet i 2016. Normaliseringa av trumpismen kjendest komplett, nett slik mange kloke folk åtvara mot i 2016.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement