Hjerneflukt frå Russland

100.000 høgt utdanna IT-arbeidarar har sidan invasjonen i Ukraina rømt frå Russland. Andre yrkesgrupper følgjer etter. Dette er truleg den største politiske utvandringa frå Russland sidan 1920-åra, seier ekspertar.

Passasjerar går om bord i snøggtoget frå St. Petersburg til Helsingfors 27. mars i år. Dette var siste avgang for Allegro-toget på denne strekninga før ruta vart mellombels nedlagd.
Passasjerar går om bord i snøggtoget frå St. Petersburg til Helsingfors 27. mars i år. Dette var siste avgang for Allegro-toget på denne strekninga før ruta vart mellombels nedlagd.
Publisert Sist oppdatert

Eit par skift med undertøy, medisin, joggebukser og ei notisbok der foreldra hadde skrive ned dei første orda han sa da han var liten gut. Det var alt Aleksander Fuks (56) pakka med seg i ryggsekken då han reiste frå Russland halvanna veke etter at krigen i Ukraina starta.

Natt til 24. februar gjekk Russland til angrepskrig mot nabolandet. Same dag byrja vener og slektningar i utlandet å sende klare meldingar til Fuks: Kom deg ut så fort som råd!

Frykt

Fuks, utdanna skodespelar og med lang fartstid som skribent og journalist, forstod at dei hadde rett. Vilkåra for ytringsfridomen i Russland gjekk frå vanskelege til håplause. Ei rekkje restriktive, hasteinnførte lovar ville i praksis gjere jobben hans i lokalavisa umogleg å utføre skikkeleg. På grunn av ulike gjeremål heime i Russland måtte han utsette avreisetidspunktet nokre dagar. Men 1. mars byrja det å gå rykte om at president Putin ville innføre unntakslovar og stenge grensene. Fuks, som framleis er i militærtenestedyktig alder, byrja få dårleg tid. Det var det fleire som hadde. Alle avgangane på hurtigtoget mellom St. Petersburg og Helsingfors, også kalla den russiske opposisjonens livsline til Vesten, i mange dagar framover var utselt. Og med eit stengt luftrom var det få andre alternativ for å kome seg ut av Russland.

Fuks klarte å kome seg på det siste toget ut av Russland til Finland sundag 6. mars. Det finske jernbaneselskapet Allegro hadde avgjort å innstille ruta frå og med måndag 7. mars. Ved sida av han i kupeen sat ei russisk kvinne busett i Frankrike. Ho hadde sendt borna sine til besteforeldra i Russland, men då krigen braut ut, reiste ho tilbake så snart som råd for å hente dei ut.

Hjelpeløysa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement