Ho fekk viljen sin
Samfunnet har all grunn til gle seg over at regjeringa vil ha grunnrenteskatt på oppdrett, meiner Karen Helene Ulltveit-Moe.
Eit oppdrettsanlegg til havs i Frohavet på trøndelagskysten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Onsdag varsla regjeringa at ho vil innføre ein grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa, og effektiv skattesats skal bli på 40 prosent. Ein slik skatt vart tilrådd i NOU-en Skattlegging av havbruksvirksomhet frå 2019, men Solberg-regjeringa skrinla forslaget. Karen Helene Ulltveit-Moe, professor i økonomi ved Universitetet i Oslo, leidde utvalet som skreiv utgreiinga.
– Vart du overraska over at regjeringa no vil ha grunnrenteskatt?
– Middels overraska, vil eg seie. Det har verka som noko var i gjære ei stund. Men eg er først og fremst veldig glad. Dette er ein gledesdag for samfunnet, for eg meiner dette er ein viktig og legitim skatt. Oppdrettsnæringa får bruke av fellesskapens naturressursar, og med denne skatten gjev næringa noko av avkastinga si attende til fellesskapen. Oppdrettarane har betalt veldig lite for sin bruk av naturen.
– Eg trudde ideen om grunnrenteskatt var steindaud. Eg har aldri sett ein NOU skoten ned så grundig som den du var med på. I 2019 gjekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre ut mot grunnrenteskatt for oppdrett lenge før de var ferdige.
– Det var ganske intenst, ja. Og det var ikkje spesielt motiverande å sjå at arbeidet vårt vart skote ned medan vi sat og jobba. Men utvalet fekk lagt nokre premissar med det vi gjorde, og no er eg veldig glad for at regjeringa går inn for dette.
– Grunnrente er ekstraprofitt frå eksklusiv tilgang til ein avgrensa naturressurs. Det er lett å skjøne at det er grunnrente i oljeutvinning. Det er ikkje like openbert at det same gjeld oppdrett?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.