– Høge matprisar, pass på!

Matprisane er rekordhøge. Internasjonale organisasjonar som FN og Det internasjonale pengefondet åtvarar om at det kan føre til sosial uro i utsette land. Dersom det skjer, vil det ikkje vere første gongen.

Jurij, ein ukrainsk bonde, går med skotsikker vest og hjelm når han jobbar i åkeren, midt under Russlands invasjon av Ukraina, i Zaporizjzjia-regionen 26. april 2022.
Jurij, ein ukrainsk bonde, går med skotsikker vest og hjelm når han jobbar i åkeren, midt under Russlands invasjon av Ukraina, i Zaporizjzjia-regionen 26. april 2022.
Publisert Sist oppdatert

Den 13. desember 2010 leverte to forskarar ved det amerikanske New England Complex Systems Institute, Yaneer Bar-Yam og Marco Lagi, ein rapport til staten om dei sosioøkonomiske følgjene av finanskrisa. I rapporten åtvara dei om at høge internasjonale matprisar ville kunne føre til sosial uro og politisk ustabilitet i utsette land.

Fire dagar seinare sette Mohamed Bouazizi fyr på seg sjølv i Tunisia, og med det byrja den såkalla arabiske våren. Det er ikkje dermed sagt at dei spådde den arabiske våren, eller at matprisar er hovudårsaka til opptøyane, men åtvaringa deira viste seg å vere treffande.

Resonnementet

I ein artikkel frå september 2011 forklarte Bar-Yam, Lagi og Karla Z. Bertrand den logiske koplinga mellom matprisar og politisk ustabilitet. Logikken er forførande enkel. Som følgje av internasjonal økonomisk integrering har fleire utviklingsland blitt avhengige av den globale matmarknaden. Dette skil seg frå tidlegare periodar der sjølvbergingsjordbruk har vore utbreidd. I matimporterande land med låg kjøpekraft har statsmakta ei sentral rolle i å sikre mattryggleiken til befolkninga. Befolkninga er difor avhengig av det politiske systemet for å sikre ein grunnleggande levestandard, og dette gjeld spesielt for marginale grupper i befolkninga, som til dømes kan vere avhengige av matsubsidiar.

Denne rolla til statsmakta skapar støtte, eller aksept, i befolkninga for det politiske systemet, sjølv om det er autoritært og urettferdig. Dersom matprisane aukar og gjer statsmakta ute av stand til å sikre mattryggleiken for befolkninga, forsvinn grunnlaget for støtta til staten. Dersom folk risikerer å svelte om det ikkje skjer noko, har dei ikkje lenger noko å tape på å gjere motstand. Når denne terskelen er kryssa, vil motstanden kunne gje uttrykk for eit breitt utval av misnøye, noko som medverkar til å skjule den utløysande årsaka. Personleg røynsle i den privilegerte verda tilseier òg at underliggande misnøye fort kan blusse opp når ein er svolten.

Statistikken

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement