Sideblikk

Høgre kan koma til å forskreva seg

Det er mot normalt at protestveljarar strøymer til eit sjølvutnemnt og lågmælt styringsparti.

Høgre-leiar Erna Solberg på Finansnæringens dag i Oslo tysdag denne veka.
Høgre-leiar Erna Solberg på Finansnæringens dag i Oslo tysdag denne veka.
Publisert

Då Anders Lange, redaktør av Hundeavisa og med mykje lugubert i den politiske bagasjen, stifta parti på Saga kino 8. april 1973, kalla han det ALP (Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep). Etter eit bittert arveoppgjer overtok Carl I. Hagen eigedomsretten og omskapte ALP til Fremskrittspartiet.

ALP var ein høgrepopulistisk forundringspakke av kranglefantar der nokre merkelege figurar kalla andre bygdetullingar. Då partiet hadde sitt første landsmøte på ein campingplass i Ryfylke, mælte Anders Lange: «Når man setter ut ei fjøslykt i sommernatta, er det mye rart som kommer flyvende.»

DET VILLE VERA feil å samanlikna ALP og Ernas parti, sjølv om dei har eit par fellestrekk for tida: persondyrking av leiaren og rask tilstrøyming av misnøyeveljarar.

Men der ALP nominerte alle som melde seg, har Høgre ein organisasjonskultur med filtreringskanalar. Veljarar på vandring som seier til meiningsmålarar at dei kan tenka seg å røysta Høgre, har eit stykke å gå før dei faktisk gjer det. Det er ikkje lett å halda på gjerdesmettar. Og frå å røysta Høgre til å melda seg inn i partiet og så bli vald til tillitsverv og nominert på partilister, er ein lang prosess.

DET PARADOKSALE er at Høgres framgang kjem av at veljarar, som er misnøgde med regjeringas politikk og mangel på politikk, ikkje går til eit protestparti, men til eit sjølvutnemnt og ganske lågmælt styringsparti med sosialdemokratiske trekk og «forutsigelighet» som motto. I meir «normale» tider ville Framstegspartiet ha hausta inn der Støre og Vedum sår misnøye.

Protestveljarar har ein tendens til å tru at det partiet dei røystar på, vil kjempa for deira hjartesaker: mindre skatt og avgift, billigare bensin, meir trygd, mindre stat, meir privat, færre byråkratar, meir distrikt, større armslag, meir utjamning, betre skule, helse og eldreomsorg, eldreomsorg, eldreomsorg. Mange blir skuffa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement