Kommentar
Høgtårn i Flåm kan skremme bort turistane
I Flåm er det kome planar om eit høghus på 90 meter. Slike idear høyrer 1960-talet til, og det veit dei fleste turistane. Effekten kan bli omvend.
Turistnæringa i Flåm vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella, skriv Ronny Spaans.
Illustrasjon: Jensen & Skodvin / MIR
Vi minnest arkitekturen frå 1960-talet med skrekk. Då modernistiske klossar vart plasserte i idylliske naturlandskap. Byen Førde er eit kjent døme – ein asfaltørken som står i kontrast til fjellandskapet kring seg. Ferieparadis og fjordperler har vorte øydelagde av store bombastiske bygningar. Eit døme er det som eingong heitte «den kvite byen ved fjorden», Sandvika, som no vert kalla «betongvika».
Dei fleste europeiske land er ferdige med den slags naturhærverk. Men tydelegvis er ikkje bygda Flåm i Vestland det – ein av dei mest kjende turiststadene i Noreg, også kjend for Flåmsbana. Dit kjem turistar med båt og med tog for å oppleva høge fjell og bratt vestlandsnatur. Av den grunn er Flåm den femte største cruisehamna i Noreg.
Men fjella er tydelegvis ikkje nok, for turistnæringa i Flåm, Norway’s Best, vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella kring staden. Rett ved klassiske Fretheim hotell i Flåm skal høghuset Varden reisast. Det skal bli eit 90 meter høgt hotellbygg, med 29 etasjar. Bygningen blir truleg den høgaste på Vestlandet. Til jamføring kan det opplysast at Nidarosdomen er 97 meter høg.
Norway’s Best meiner det ikkje er nok plass på bakken, så då må ein byggje i lufta. Der skal det bli plass til Spa og kring nye 40 arbeidsplassar. Samstundes blir bygningen kalla «signalbygg» i omreguleringsplanen for Flåm – så då skjønar vi kva det handlar om: å byggje spektakulært for å tiltrekkje seg turistar.
Men kjære Norway’s Best, slik tankegang vart vi ferdige med for lenge sidan. I Trondheim har politikarar og utbyggjarar lova at dei ikkje lenger skal ta i bruk ord som «signalbygg» – det gjorde dei då den nye bydelen Brattøra vart utbygd, og dei såg at det vart ein bydel utan folkeliv.
Og ikkje minst: Utanlandske turistar vil på ingen måte la seg imponere over ein slik stakkarsleg stormannsgalenskap. Noreg er eit land med veike urbane tradisjonar – det gjeld like mykje utvikling på småstader som i storbyen. For utlendingar er det annleis: Natur og by heng nøye i hop.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.