Sideblikk
Hoppa langt og lenge etter Wirkola
Det er få hoppbakkar att i landskapet. Den gamle nasjonalsporten er detronisert.
Deltakarar i Guttenes Holmenkollrenn i Bekkelagsbakkene 5. mars 1966. F.v. Runar Thon, Tomter; Kai Willy Jacobsen, Gol; Freddy Vestli, Kongsvinger; Hans Kroglund, Grue; Ole Arthur Stenberg, Grue; Jørn Uno Pedersen, Lyn.
Foto: NTB
Bjørn Wirkola frå Alta blei verdsmeister i stor bakke i Oslo 1966 og sigra i hoppveka tre år på rad. Han begynte i kombinert og enda med fotball i Rosenborg. Det er lenge sidan topp og breidde var så allsidig.
Ingen norsk vinteridrett har endra seg så mykje som skihopping: frå snøleik i vogga i Morgedal til ein spesialisert, sentralisert og marginal sport på artistnivå, med importerte hopptrenarar og sponsa med krut frå «nammo». Det er ikkje mange hoppbakkar att i det norske landskapet, og få registrerte hopparar, men dei beste er ekstremt dyktige.
SKIHOPPING var den norske nasjonalsporten til for femti år sidan. Alle norske gutar skulle hoppa. Det krydde av små og store bakkar i by og bygd, også i snøfattige strøk, og det var konkurranse om å ha dei høgaste stillasa. Bakkane var samlingsstad for leik, trening, dugnad og folkefest. Når det var tillyst hopprenn, sat «Ja, vi elsker» laust, med korps og norske flagg.
Bekkelagsrennet, Guttenes Holmenkollrenn i Bekkelagsbakkene, med tusenvis av deltakarar, var eit høgdepunkt. I 1960 datt eit av tårna ned, og mange blei hardt skadde. Det var eit omen som førte til ein rein massakre av morkne og farlege tårn. Nokre år seinare måtte Bekkelagsbakkene vika for ny trasé for E6, og rundt om i landet vaks unnarenna til med krattskog.
LANGRENN DANKA UT hopping som vinterleg barne- og ungdomsaktivitet og konkurransesport. Det blei betre utstyr og scooterkøyrde løyper, men ikkje minst ei regelendring for dei under junioralder: I skule- og klubbskirenn blei det tevling på tid og ikkje i «stillangrenn».
Kongsbergknekken som ideal hadde tapt for den aerodynamiske finnestilen med hendene på rumpa, men alltid med parallelle ski, før svenske Boklöv begynte å skreva, fekk større bereflate og hoppa lengst. Den norske hoppnomenklaturen klarte ikkje å hindra paradigmeskiftet, så hoppbakkane måtte byggast om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.