Lita skrift

Hovmod

Publisert Sist oppdatert

Ei lita jente med eit par år på baken sprang kvinande rundt i lokalet, tilsynelatande utan mål og meining, med faren på slep og mora sitjande på ein benk med ein kølapp i handa.

Eg tok meg sjølv i å smile der eg sat og venta på tur i passkøen på Grønland politistasjon: Er eg komen dit no? At eg synest små born er søte? Medan eg bala med denne tanken, fekk den vesle familien bingo og forsvann inn i eit avlukke for å få ordna barnepass.

Episoden fekk meg til å tenkje på ei av tantene mine som ofte stoppa og såg på slike små, irrasjonelle villstyringar, som ho syntest var så sjarmerande. Ho kunne til og med gå bort til mor eller far til barnet og fortelje kor søt smårollingen var.

Den unge utgåva av meg rynka på nasen, fullstendig ute av stand til å sjå sjarmen med slike «søte små». Eg såg ufred og bry, berre ufred og bry.

Det var ikkje berre småborn som var utanfor interessefeltet mitt. Eg hadde tydelegvis ikkje respekt for eldre heller. Då far min, som nærma seg 80 år, ville kjøpe flunkande ny bil, tenkte eg at det var vekkasta. Kva skulle han, gamle kallen, med ny bil? Eg sa det aldri til han. Inst inne forstod eg vel kor nedlatande det ville vore.

Far min mislikte å bli kalla gammal. Han meinte det var ei nedvurdering av han som person. Han kjende seg som den han alltid hadde vore, sjølv om han sleit med å identifisere seg med den eldre utgåva han møtte i spegelen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement