Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret 'Hans' i august i fjor.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Publisert

Året 2023 var vått her i landet. I fjor måtte forsikringsselskapa betale ut over fem milliardar kroner i erstatning for vasskadar på bustader og innbu i Noreg, syner ei oversikt frå Finanswatch. Ekstremvêret «Hans» i august i fjor førte åleine til nesten 9000 forsikringssaker og over to milliardar kroner i utbetalt erstatning, melde NTB. Til saman var det vêr- og naturskadar for 7,4 milliardar på bygningar i Noreg, syner tal frå Finans Norge.

Bransjeorganisasjonen melder òg at ekstreme vêrfenomen kjem tettare enn før. Av dei ti mest kostbare naturhendingane for forsikringsbransjen sidan 1980, har sju skjedd sidan 2010. Og når risikoen stig, stig naturleg nok premien. Sidan 2000 har prisen på husforsikring i Noreg dobla seg, justert for inflasjon, skreiv Dagens Næringsliv i fjor. Det er det fleire grunnar til. Mellom anna har heimane blitt større og meir påkosta. Men utviklinga i vêret er òg med på å dra opp premiane. Og prisauken slår ikkje jamt ut.

Større skilje

Det er normalt at forsikringsselskap set premiar ut frå kor stor risikoen er for skade. Forsikringspremien er til dømes høgare der det er mange innbrot. Kor stor skilnad det er på premie for husforsikring i ulike landsdelar i dag, er ikkje offentleg kjent. Men det kjem til å bli meir differensiering av husforsikringane når klimaendringane får risikoen til å endre seg, varsla informasjonsdirektør Sigurd Ulven i Eika Gruppen til NRK i fjor.

Verre enn som så: På sikt kan meir ekstremvêr føre til at det blir nær umogleg å få husforsikring også i delar av Noreg, slik tilfellet er i California. Det spådde i alle fall Kristin Vetleseter, kommunikasjonssjef i Fremtind, i Dagens Næringsliv i fjor. «Dersom klimautfordringene og ekstremværhendelsene fortsetter i den takten vi ser nå, er det likevel antagelig bare et tidsspørsmål før også Norge havner i en lignende situasjon», sa Vetleseter.

Utjamning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement