Hysteri-tradisjonen
Russekritikken er like gammal som russefeiringa, men kvart år vert hakesleppet større og større.
Eg hadde 25 knutar. Eg fridde til sosialkunnskapslæraren min, mellom anna, og tok den knuten eg nemner tidleg i teksten, med trafikklyset.
Foto: Mone Celin Skrede
«Ok, vi må dele oss opp», seier klassevenninna.
Ti russ frå kunstlinja står ved fotgjengarfeltet i Ålesund sentrum og ventar på trafikklyset. Så fort den svarte trafikkmaskinen raudnar, tek vi sats og spring, ein etter ein, gjennom det rotete baksetet i den næraste ventande bilen. Buksereimene hektar seg fast, bildørene smell og sjåføren sukkar. Éin stad går det gale, og heile klassen rasar gjennom det same baksetet. Lyset blir grønt.
Trafikklyset for tre veker med unntakstilstand går i grønt rett før skippertaksperioden til eksamen startar. Og lausrivingsfeiringa var opphavleg ei feiring for eliteungdommen i Oslo. Dei drakk i gatene på 17. mai og protesterte mot fråhaldsrørsla og bygdefolket, ifølgje Folkehelseinstituttet. Men denne protesten har blitt ein eigen kultur.
Då eg gjekk på barneskulen, gleda vi oss til russen kom kvart år, for å få russekort, fløtekaramellar eller for å bli spylt ned med vassgevær. Men russestrekane snik seg på sokkelesten over grensa for det som er rimeleg kvart år.
Fire jenter blei dopa ned med GHB på eit treff på Fana i Bergen i fjor. Éi av jentene vart dumpa i ein bosscontainer og vakna der, svært nedkjølt. Politiet omtala feiringa som den verste hittil. Og med dei pornofokuserte russelåtane og valdtektsproblematikken blir feiringa rett og slett motbydeleg. Det er ikkje naudsynt å protestere mot fråhaldsrørsler lenger, og ulikskapane mellom bygd og by treng ikkje ved på bålet.
Det gjekk bra med kunstfagrussen i Ålesund, men å starte på vidaregåande i dag er for svært mange det same som å starte planlegginga av tre veker med fyll. I tillegg til overgangen til større prestasjonskrav og ny skule, kjem sparing til russebuss og leiting etter bussvener.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.