Sideblikk
Idretten er ikkje lenger for alle
Spenninga er konstant mellom staten, idrettskretsar, særforbund og olympiske toppar.
Leiarkandidatane Zaineb Al-Samarai (t.v.) og Berit Kjøll var til stades då valkomitéinnstillinga vart offentleggjord 26. april i år.
Foto: Terje Pedersen / NTB
NIF, med det fulle namnet Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, er ein
bastard som møtest til «ting» denne helga. Det er ein skjør og uavklart overbygning over idrettskretsar, særidrettsforbund og dei olympiske toppane. Slikt blir det mykje såkalla idrettsdemokrati ut av, men også oligarki og lite styringskraft. Somme høyrer tonar frå Lillehammer 1994. Og bakom syng departementet.
NIF har mindre autonomi og mindre makt over norsk idrett enn mange trur. Det er ingen kommandosentral, men eit slags uekte konsern. I så måte kan NIF liknast med LO. Også der er toppen mest synleg, men det er forbunda som stikk djupt og har tyngda. Paraplyen er god å ha, men i storm og ruskevêr kan han vrenga seg.
DEN HYBRIDE organiseringa har historiske røter. Etter idrettsstreiken under krigen blei det nasjonal samling mellom arbeidaridretten og den borgarlege idretten med rot i skyttarlagsrørsla, lekamsøvingar og sportskonkurransar.
Spenninga blei ført vidare med dei to likestilte beina: (fylkes)kretsar med nedslagsfelt i fleiridrettslag, og særforbund som kjærar for sin eigen idrett – i nært samspel med internasjonale forbund. Fotballen er det beste dømet, sterkast på finansiering og rekruttering, særleg etter at det også blei ein jenteidrett.
Med jamne mellomrom kjem spenninga til overflata, gjerne som forslag om å endra 50/50-fordelinga på tinget mellom kretsar og særforbund. Kretsane pukkar på at dei er meir representative og demokratiske enn særforbunda, som på si side har truga med å samarbeida tettare seg imellom og melda seg ut av NIF.
IDRETTSRØRSLA jagar toppar som talenta trår etter og TV-
publikum elskar. Men den djupe, samfunnsmessige legitimiteten ligg i breidde, inkludering og folkehelse. Topp skal avla breidde, og idrett skal vera lim i lokalsamfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.