Sideblikk

Ikkje alltid det som svarte seg best

Den sta og stridsglade Stein Tveite blei ein inspirerande gudfar for økonomiske historikarar.

Stein Tveite (2. mai 1930–22. oktober 2022), oppvaksen mellom Kristiansand og Vennesla, men av jord var han komen i all si gjerning. Han vart gravlagd frå Ullern kyrkje tysdag denne veka.
Stein Tveite (2. mai 1930–22. oktober 2022), oppvaksen mellom Kristiansand og Vennesla, men av jord var han komen i all si gjerning. Han vart gravlagd frå Ullern kyrkje tysdag denne veka.
Publisert

«Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for». Denne steingrunnen frå Dag og Tid var teksten på T-trøya mi då eg kom inn i møterommet på Hotel Norge i Kristiansand.

«Slik ei vil eg òg ha», sa Stein Tveite. Eg svarte at eg hadde tuska henne til meg i bladstova, for ho har eigentleg vore premie til fortente vinnarar av quiz og kryssord. «Eg må vel vera fortent», meinte Tveite, «for eg har vore tingar sidan første nummer for 60 år sidan».

Eg kunne ikkje anna gjera enn vrenga av meg trøya og gje henne til Stein. Han bar henne sidan med byrgskap. Men eg tenkte mitt: Den mannen har aldri bøygd seg for slag, verken over eller under beltestaden, og han har slått tilbake på same vis.

SteiN Tveite levde eit fagleg liv i polemikkar som har drive fagfeltet framover. Få kontroversar var for små, men han gjekk helst laus på mastetrea i historikarskogen. Han hadde eit livslangt og produktivt fagleg uvennskap med Kåre Lunden. Men det han helst ville hogga ned, var Sverre Steens embetsmannsideal om bønder som skulle leva i naturalhushald og sjølvberging på eige bruk.

Bondefamiliane, det vil seia folk flest, var ikkje sjølvdyrkande av tradisjon, dokumenterte Tveite, men av naud, statlege pålegg og merkantilistisk tvang. Dei slo seg gjerne på nye kombinasjonar og utvegar til livberging når det var opning for det.

TVEITE var professor i landbrukshistorie med base på Noregs Landbrukshøgskole (NLH), seinare UMB («Ut Med Bønda») og nå med NMBU som curtform. Men mest tid brukte han i Riksarkivet, der han grov seg ned i historiske dommar, matriklar og protokollar av ymse slag. Han fann mykje originalt og forvitneleg frå seinmellomalderen, men kom ikkje alltid opp att med dei lange linene. Han skreiv tidleg langt og tjukt på samnorsk, men blei etter kvart ein mann for korte og spisse tidsskiftartiklar på malmtungt nynorsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement