Kommentar
Ikkje berre ein pub
Skeive utestader er sjølve livsnerven i det skeive miljøet. Og det er ikkje berre kvite homofile som går dit.
Køen utanfor London Pub strekte seg langt nedover Rosentkrantzgate då institusjonen opna att måndag denne veka.
Foto: Geir Olsen / NTB
Tidleg om morgonen 25. juni stod eg på kjøkenet heime på Lillehammer i min finaste lesbehabitt – regnbogesokkar, dongerishorts frå herreavdelinga, T-skjorte med bilete av ein negleklippar, ein nytrimma undercut-frisyre – og smurde meg niste. Eg skulle reisa inn til Oslo og gå i paraden, den fyrste Oslo-paraden sidan 2019. Eg gledde meg so grenselaust at eg mesta stod og trippa. Brått vart musikken på radioen avbroten av ei nyhendemelding.
No skal eg i alle fall fara til Oslo, tenkte eg.
Men då det kom meldingar om avlyst parade og tilrådingar om å halda seg heime, gjekk lufta ut or meg. Kva kom til å møta meg i hovudstaden? Tomme gater? Eg drog av meg regnbogesokkane og seig motlaus i hop framfor direktesendinga til NRK medan eg bladde meg gjennom meter på meter med Facebook-oppdateringar og prøvde å finna ut om vener og kjende var heile og i live.
Eit slikt vonbrot er sjølvsagt ingenting mot dei direkte fylgjene av skota, som me no kjenner altfor godt. Men det var no eingong slik 25. juni var for meg, her eg sat mange mil unna åstaden. Ein kavande lei og vond dag. Og det gjekk ikkje lange stunda før eg byrja uroa meg for etterspelet.
Åtak på kven?
I skrivande stund veit me ikkje kvifor Zaniar Matapour byrja skyta mot folk på Per på hjørnet, London pub og gatekjøkenet mellom dei to utestadene natt til laurdag 25. juni. Fordi London pub er ein kjend utestad for skeive, og fordi åtaket hende just då Oslo Pride 2022 nærma seg toppunktet, var det av mange oss som straks oppfatta hendinga som eit åtak på skeive folk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.