Sideblikk
Illiberalismens fyrtårn i Europa
Ungarn er ein liten rest av ei stormakt som slit med å finna sin plass mellom aust og vest.
Parlamentsbygningen ruvar ved elva Danube i Budapest.
Foto: Carey J. Williams / Ap / NTB
Budapest er ikkje aust eller vest. Budapest ligg midt i det sentrale Europa, saman med Wien, Praha og andre staselege byar frå den habsburgske stordomstida. Det er me som er ein utkant i nord.
Budapest blømde i andre halvdel av 1800-talet, då byen blei likestilt med Wien i det keisarlege og kongelege dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn. Gamle Buda og nye Pest blei slått saman og fekk storslagne bruer over Donau. Alt Wien hadde, skulle Budapest ha: mektige institusjonsbygg, palé, palass og svære bustadhus med blautkakepynt og nupereller. Dei er framleis imponerande, men slitne og grå, for det er altfor mykje å vøla og halda ved like. Høgdepunktet er det utspjåka og monstrøse parlamentet – verdas største i høve til mengda av demokrati.
AUSTERRIKE-UNGARN verna Europa mot osmanske muslimar og herska over store delar av det som seinare blei Jugoslavia, Tsjekkoslovakia og Romania, pluss bitar av Italia, Polen og Ukraina. Alt forsvann etter tapet i første verdskrig. Ungarn mista to tredelar av land og folk. Sidan har dei hatt nostalgiske og nasjonale tankar om ungarsktalande minoritetar i grannelanda, med minne om ungarsk stordom for 600–800 år sidan, nokre hundreår etter at dette folket med finsk-ugrisk språk vandra vestover og slo seg til på pusztaen.
I mellomkrigstida var regima sterkt høgreorienterte og revansjistiske og gjekk inn i andre verdskrig på Tysklands side. Då dei såg kva veg det bar, prøvde dei å trekka seg ut, men blei hardhendt okkuperte av Tyskland, som for alvor gjekk laus på den store, jødiske folkegruppa. Til slutt blei landet «frigjort» av Sovjet og hamna bak jernteppet.
KOMMUNISTPARTIET tok makta, og regimet til Mátyás Rákosi, jødisk frå dagens Serbia, var stalinistisk. Då han fall, gjennomførte den reformistiske Imre Nagy økonomiske, sosiale, politiske og rettslege reformer. Då han også flørta med å melda Ungarn ut av Warszawa-pakta i 1956, slo Sovjetsamveldet til.
Nagy blei avretta, og den Sovjet-lojale János Kádár (fødd 1912 i Rijeka i Kroatia, som då var ungarsk land) sat med partimakta til 1988. Han var svikaren som blei pragmatisk, manøvrerande og varsamt reformerande, men alltid lojal mot Moskva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.