Utanriks
Imperialisten Putin med målet i sikte
Krigen i Ukraina handlar om langt meir enn Ukraina. Det handlar om gjenoppretting av det russiske imperiet – og om Russlands makt på det europeiske kontinentet.
Dersom Donald Trump er president i USA (og Marine Le Pen styrer Frankrike!), vil ting sjå heilt annleis ut, skriv Halvor Tjønn.
Illustrasjon: Kirill Makarov / Shutterstock / NTB
Dei siste månadene av 2023 breidde det seg ein sterk pessimisme om den pågåande krigen i Ukraina. Mykje av denne pessimismen hadde godt grunnlag: Den ukrainske sommaroffensiven hadde slege feil. Ukrainarane tok til å mangla folk ved fronten. Nokre stader trekte dei ukrainske soldatane seg attende.
Samstundes kom det triste bodskapar frå Washington D.C. og frå EU i Brussel. To store hjelpepakker til Ukraina blei stansa, høvesvis av det republikanske fleirtalet i Representanthuset i USA og av den Putin-sympatiserande ungarske statsministeren Viktor Orban.
Den som var tydeleg nøgd, var president Vladimir Putin. Då han stod fram for det russiske folket på fjernsynet før jul, såg han ut som ein triumfator. Han kunne fortelja at han ikkje hadde noko problem med å fylla rekkjene i den russiske hæren med nye rekruttar. Rustingsindustrien arbeidde på høggir, og økonomien var stabil. Den Putin me såg, var ein heilt annan enn den me hadde sett under nesten-statskuppet til Jevgenij Prigozjin i sommar.
Russarane på offensiven
Putin smilte, men smilet stivna nok i julehelga då han fekk vita at ukrainske rakettar hadde øydelagt landgangsskipet «Novotsjerkassk», som låg til hamn i Feodosia på Krym. Samstundes kunne dei ukrainske styresmaktene melda at dei hadde skote ned ikkje mindre enn fem avanserte russiske jagarfly av typen Sukhoi.
Desse suksessane tyder på at ukrainarane er blitt mykje betre til å nytta avanserte vestlege våpen til å ramma sjølve kjernen i den russiske krigsmakta. Som hemn for desse ukrainske suksessane kom dei russiske terroråtaka mot sivile ukrainske mål før og etter nyåret. Rakettåtaka mot Kyiv var blant dei hardaste i krigen, og desse åtaka har halde fram gjennom fyrste halvparten av januar månad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.