Natur

Influensaen som flyg verda rundt

Fugleinfluensaen har blitt ein permanent epidemi, og viruset trugar ikkje berre fuglar.

Publisert

Fugleinfluensaen herjar langs kysten denne sommaren, daude og døyande fuglar blir funne langs størsteparten av kysten, frå Karmøy til Vadsø. Krykkjekoloniane i Finnmark har vore særleg hardt råka, og berre i Vadsø har dei til no plukka opp 15.000 daude og døyande fuglar. Men den dødelege influensavarianten er ikkje berre funne hos ville fuglar her i Noreg, dei siste to åra har epidemien spreidd seg til alle delar av verda. Massedød av sjøfugl er rapportert frå Europa, Amerika, Afrika og Asia, og fuglevirus er funne ved fleire alvorlege sjukdomsutbrot hos pattedyr.

Virusangrep

Influensavirus er svært smittsame, dei kan smitte fleire dyreartar og til liks med andre RNA-virus (som koronavirus) har dei god evne til å mutere til stadig nye variantar og undervariantar. Influensavirus er delte inn i fire grupper, A til D, og alle dei vanlegaste influensatypane som kan smitte menneske, er i gruppe A eller B. Fugleinfluensavirus er i gruppe A, og virus i denne gruppa blir delte vidare inn i undergrupper ut frå variasjonen i dei proteinstrukturane virusa bruker for å binde seg til og angripe nye celler. Det er særleg stabiliteten i hemagglutinin-proteinet (H-proteinet) som avgjer kva organ viruset angrip, og om eit influensavirus blir låg- eller høgpatogent.

For å bli aktivert og kunne angripe cellene til verten må dette angrepsproteinet bli fanga opp og kløyvd av enzym som finst i vertens eige vev. Dei lågpatogene virusa har eit stabilt H-protein som berre kan bli aktivert i tarm og lungevev, og virusa gjev difor lokale infeksjonar i luftvegar og tarmkanal. Høgpatogene virus har farleg ustabile H-protein som kan bli spalta og aktiverte nær sagt kvar som helst i kroppen. Det gjev rask virusproduksjon og vevsskade i mange organ samstundes, noko som er årsaka til at fuglar smitta av HPAI blir så brått sjuke og kan døy før dei rekk å få nokon symptom på sjukdom.

Lågpatogen risiko

Reservoaret for fugleinfluensa finst hos villfugl, som ei blanding av mange lågpatogene variantar. Slike influensavirus har vore vanlege også her i Noreg dei siste åra. Sjølv om lågpatogene virus ofte kan gje få eller milde teikn på sjukdom, har dei evne til å mutere til høgpatogene variantar. Dei siste epidemiane av fugleinfluensa hos ville fuglar i Europa trur forskarane hadde opphav i blanding av smitte og mutasjon av virus under fugletrekket sørover på hausten, der store flokkar av mange ulike fugleartar samlar seg på faste kvilestader i Sentral-Europa. Store og kjølige våtmarksområde tettpakka med fugl frå alle delar av kontinentet gjev ideelle tilhøve for spreiing og mutasjon av influensavirus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement