Ingen alarm frå forskingsfronten
Er auken i barneautisme reell eller ikkje? Forskinga har førebels ikkje noko svar.
Denne saka er i hovudsak bygd på observasjonane til folk som jobbar klinisk med barneautisme. Men det klart viktigaste forskingsmiljøet på autisme i Noreg er knytt til Autismestudien, eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Nic Waals Institutt. Arbeidet har pågått i 20 år, og forskarane har mellom anna nytta data frå Mor og barn-undersøkinga til å leite etter årsaker til autisme. Fram til 2018 var Columbia University partnar i det som da heitte ABC-studien, og National Institutes of Health i USA satsa 13 millionar dollar på arbeidet. Dette er av dei største forskingsprosjekta på autisme i verda og har resultert i ei lang rekkje vitskaplege artiklar.
Ein kunne tenkt seg at mangedoblinga i talet på barn med autismediagnose i Noreg dei siste åra burde vere eit viktig tema for Autismestudien og gje grunn til rope varsko om utviklinga. Det ser ikkje ut til å vere tilfelle. På nettsida til studien heiter det kort og greitt: «Vi har anslått at ca. 1,5 % av norske barn får en autismediagnose før de når voksen alder.»
«Økt bevissthet»
I haust har Dag og Tid hatt ei e-postutveksling med Alexandra Havdahl, leiar for Autismestudien og forskar ved FHI, om moglege forklaringar på auken i talet på barn med autismediagnose i Noreg. Svara vi fekk, var på line med dei gjengs forklaringane som alt er nemnde: Det handlar om merksemd og diagnostikk, ikkje reell auke. 18. september skreiv Havdahl mellom anna: «De viktigste forklaringene på økningen i forekomst ser ut til å være økt oppmerksomhet og gjenkjenning av tegn på autisme og forbedrede metoder for tidlig identifisering, i tillegg til utvidelsen av diagnosekriteriene.»
14. oktober skreiv ho: «Det behøves forskning på hva som kan forklare økningen. Blant faktorer som kan ha bidratt: Økt bevissthet om tidlige tegn på autisme i samfunnet og blant foreldre, barnehageansatte og helsestasjonsansatte kan ha bidratt til flere og tidligere henvisninger. Økt kjennskap til autisme i spesialisthelsetjenesten der autisme utredes kan ha bidratt til økt identifisering og diagnostisering av autisme.»
Denne veka bad Dag og Tid om å få intervjue Havdahl om observasjonane til fagfolka ved OUS, Ahus og St. Olavs hospital. Vi viste til kjeldene som er siterte i denne artikkelen: ei rekkje erfarne klinikarar som meiner dei fleste barna som får autismediagnosen no, ville fått same diagnose for ti eller tjue år sidan, fordi åtferda er så sterkt avvikande. «Dette er i strid med den gjengs framstillinga av auken i førekomst av barneautisme, og det er vanskeleg å sameine med den forståinga av autisme som FHI har som utgangspunkt. Det er dette eg gjerne vil spørje deg om», skreiv Dag og Tid på e-post til Havdahl.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.