Helse

¿ Ingen er budd på katastrofe

Å lese aviser frå sommarvekene 1918 er som å sjå i ein gammal spegel.

Edvard Munch: «Selvportrett i spanskesyken», 1919 (utsnitt).
Edvard Munch: «Selvportrett i spanskesyken», 1919 (utsnitt).
Publisert

Lytt til artikkelen:

Heime hos oss har vi fråssa i gamle aviser og arkiv dei siste vekene. Dei digitale skattane kan opnast heimanfrå, og Nasjonalbiblioteket gir ekstra tilgang i koronatida. Korleis hadde dei det eigentleg for hundre år sidan, då spanskesjuka rulla inn over Noreg? Det har eg undra på, medan mannen min har leita etter spor av oldemor si, Borghild. Fire år før spanskesjuka kom ho frå Kragerø til Kristiania for å studere handelsfag. Først hamna ho i ulukka og fødde tvillingar. Vi fann dei i arkivet på Riksen, der dei døydde båe to. Men då spanskesjuka ramma byen, sat ho gift på Fagerborg med ei eit halvt år gammal dotter på fanget.

På forsommaren 1918 kunne Borghild følgje den spanske sjuka på tokt gjennom Europa. Epidemien herja, først i Frankrike, sidan i Spania og så i Tyskland. På jernbanestasjonane vart reisande brått sjuke og måtte fraktast til næraste sjukehus. Frå Berlin vart det rapportert om at folk vart slegne – heime, på arbeid eller på gata – av feber, avmakt, hovudpine og brystsmerter. Det var ikkje langt til dei nordiske landa, og 3. juli kunne ein lese i Morgenbladet at den nye spanske influensaen hadde gjort inntog i Kristiania. Han kom «temmelig voldsomt og meget pludselig». Det såg ut til å ha skjedd over natta. Det menneska har felles til alle tider, er å ikkje vere budd på katastrofe før han råkar oss midt i andletet. Ein var like lite førebudd då som no. Heldigvis kunne sundhetsinspektøren i Kristiania, dr. Schou, roe med at sjukdommen ikkje var farleg, han var berre overvettes smittsam. Det var nærast uråd å treffe effektive smitteverntiltak. Men det var altså ingen grunn til vidare uro.

MANGE TEORIAR

Oppdateringane kom raskt, og alt i kveldsutgåva av Morgenbladet same dato, var situasjonen i Kristiania kartlagd. «Der er i gaar indtruffet ikke mindre end henimot 50 tilfælde bare ved postkontoret, hvor situationen som følge herav er blit yderst kritisk.»

Frå vår ståstad i koronaepidemien ser smittespreiinga den gong ut som ein eksplosjon. Forholda gjekk rakt mot katastrofe ettersom det var midt i ferietida og store delar av personalet alt var bortreist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement