Ingen magisk medisin

I debatten om kjønnsdysfori hos ungdom er det langt mellom dei sikre svara.

I USA har behandlinga for unge med kjønnsinkongruens blitt ei kampsone i kulturkrigen, og fleire delstatar har nyleg forbydd slik behandling. Biletet syner transaktivistar som demonstrerer mot forbod utanfor delstatssenatet i Oklahoma City 6. februar.

Publisert

Kva er den beste behandlinga for unge med kjønnsinkongruens, dei som føler at dei er eit anna kjønn enn kroppen tilseier? Dette spørsmålet har fått politisk sprengkraft det siste tiåret. Sist veke skreiv Dag og Tid om ein ny rapport frå Ukom som kritiserte dei norske retningslinene for behandling av unge med kjønnsinkongruens og slo fast at det faglege grunnlaget var for tynt.

Krysspress

Ikkje berre er fagfolka på feltet sterkt usamde om kva som er best behandling. I mange land er dei òg under krysspress: På eine sida står pasientgrupper som ønskjer at det medisinske tilbodet skal utvidast raskt. På andre sida finst det konservative krefter som vil stogge medisinsk behandling av ungdom med kjønnsinkongruens, og i USA har desse stort politisk gjennomslag. Den harde debatten aukar presset på legar og styresmakter, og på unge menneske i ein vanskeleg livssituasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement