Krig
Ingen Uber i Belarus
Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.
Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Om kvelden 1. januar 2025 vart det klassiske ukrainske vaudevillestykket Natalka Poltavka spela på Ivan Franko-teateret i Kyiv. Framføringa var utseld, men to plassar på andre rad, rett framfor scenen, stod tomme den kvelden. Sete 25 og 26 på rad 2 var kjøpte av eit ektepar, to professorar ved Sjevtsjenko-universitetet, Ihor Zyma og Lesja Sokur.
Dei hadde tenkt å starte det nye året med ein tur til teateret som låg berre ein fem minutts spasertur frå husværet deira. Dessverre trefte ein russisk drone det vakre husværet deira øvst i ein historisk bygning på fem høgder den morgonen. Husværet finst ikkje lenger. Eigarane vart drepne momentant. For nokre få dagar sidan vart dei gravlagde på gravplassen Bajkove i Kyiv.
Droneeksplosjonen som drap ekteparet, øydela til dels husværet i høgda under, eigd av ein kjend politikar som hadde planar om å leige det ut. Ein etasje lenger ned bur Ljudmila Mesjkova, ei 86 år gamal grand dame i Kyivs kunstliv. Ho har skapt sin eigen stil i måling på keramikk, og det heng verk av henne i Unesco-hovudkvarteret i Paris og i Det kvite huset i Washington.
Omsutsfulle hovudstadbuarar samlar inn pengar for å hjelpe henne med å reparere skadane etter droneeksplosjonen. Dessverre vil det bli temmeleg vanskeleg å organisere reparasjonsarbeidet. Mobiliseringa gjer at det er få arbeidarar å få tak i, men lokaliseringa av husværet skaper andre problem. Det ligg i eit lukka regjeringsområde der inngangen er blokkert av militære kontrollpostar. Berre dei fastbuande eller folk med særskilt pass kan kome inn i området. Faktisk ligg bygningen berre 200 meter frå det ukrainske presidentkontoret, og 100 meter frå sentralbanken.
Det er første gongen ein russisk drone har treft ein bygning inne på dette godt verna regjeringsområdet. Og at det skjedde på nyårsdagen, lovar ikkje godt for 2025.
I fjor vara nyårsfeiringa nesten til slutten av januar, men i år vart til og med Kyivs byjuletre teke ned og fjerna frå Sofiaplassen etter den første veka i det nye året. Den 7. januar var det ikkje lenger der. Men det var ikkje tryggingsomsyn som låg bak denne forkortinga av høgtida; det er berre det at no feirar Ukraina jul i samsvar med den europeiske kalenderen, to veker tidlegare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.