Sideblikk
Innanfor eller utanfor regjering?
SV skryter på seg makt til å påverka, men Sp har rett i at det er betre å vera i posisjon.
Påtroppande leiar i SV Kirsti Bergstø og partileiar i Sp Trygve Slagsvold Vedum.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Dei to partia som er eller har vore juniorpartnarar i arbeidarpartileia regjeringar (Stoltenberg II og Støre), har landsmøte denne helga, i svært ulik stemning og situasjon: Senterpartiet, som er innafor og ikkje ville ha med SV i regjeringsbasen, fell; SV, som ikkje ville nøya seg med linsevelling, forlét Hurdalsjøen og står utanfor som støttehjul på vilkår, stig.
ER DET BEST å vera stor eller sterk? Ligg politisk styrke i å vera del av noko større som kan vinna fram når ein jenkar seg litt, eller er den sterkast som står aleine og er prinsippfast?
SV vil selja forteljinga om at dei oppnår meir ved å stå utafor som redningsbøye, enn om dei var inne i den kompromisskverna ei koalisjonsregjering må vera. Nå kan dei klaga på manglande styring, fri til Ap-veljarar og truga med å stiga av dersom føraren ikkje legg seg nærare venstre fil.
I si pragmatiske og hestehandlande formannskapssjel vil Senterpartiet alltid meina at det alltid er betre å ha ei hand på rattet enn å sitja i baksekritet med naudbelte. Til partiet konvertere til Stoltenberg ved valet i 2005, hadde dei vore med i alle borgarlege samlingsregjeringar i etterkrigstida: Lyng, Borten, Korvald, Willoch II, Syse, Bondevik I.
FOR TIDA ER SV større enn Senterpartiet på meiningsmålingane. Det opposisjonelle SV ligg over normalen. Etter den retoriske og desentraliserte bobla ved stortingsvalet er Vedums parti tilbake der dei normalt høyrer heime. Det tynger å sitja med ansvar i posisjon og vera fanga av handlingsrommet i EØS når løfte kan målast mot resultat. Til og med den lojale grasrota er opprørsk mot elpolitikken.
Begge partia balar stadig med spørsmålet om kven dei skal binda seg til og høyra mest saman med. Det gjer også bondehatarane i Arbeidarpartiet. Og kjøtvekta skal ein aldri undervurdera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.