Lita skrift

Instamatic

Publisert Sist oppdatert

Då andre redaksjonar digitaliserte fotograferinga si, kring tusenårsskiftet, gjorde denne nynorske vekeavisa det same, av liknande grunnar og med dei beste intensjonar. Digital fotografering er jo så praktisk – du treng ikkje film, ikkje mørkerom, ikkje kopiassistent eller laboratorium. Og ikkje eingong fotograf, skulle det visa seg.

Så der stod eg, fotojournalisten, med skjegget i postkassen og sekken full av for eksempel:

Nikon F2 manuell spegel­refleks (bombesikker), Nikon F3, halvautomatisk spegelrefleks med motor, Metz stavblits med softboks og reflektor, stativ, slaveblits, vidvinkel (til landskap, grupper og drama), lyssterkt normalobjektiv, fast tele (til portrett), zoom-tele, UV- og polariseringsfilter i ymse dimensjonar, batteri til blitsar og motor, film for dag og natt, negativ og positiv, i fargar og svart-kvitt.

Alt dette skulle no erstattast med eitt kompakt digitalkamera, utstyrt med alt som skulle til, inkludert zoomlinse og fast blits. Kameraet var heilautomatisk, må vite, det styrte både blendar og lukkar etter eige hovud og fokuserte sjølv i hytt og vêr.

Men kameraet tenkte så sakte, diverre, at frå du trykte på utløysarknappen til kameraet faktisk knipsa, hadde motivet hatt rikeleg tid til å gå heim og leggja seg.

Og la seg, det gjorde også snart interessa for, ambisjonane for og kunnskapen om den lysleiken som fotografering i hundre år hadde vore, ikkje berre her, men i alle bladstover. No var leiken over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement