Krig

Invasjonen som gjennomsyrer alt

Etter den russiske fullskalainvasjonen er ikkje ein einaste krok av Ukraina fri for stadige påminningar om aggresjonen.

Folk vitjar gravene til slektningane sine på ein militærkyrkjegard i Lviv i forkant av toårsdagen for Russlands angrep på Ukraina.
Folk vitjar gravene til slektningane sine på ein militærkyrkjegard i Lviv i forkant av toårsdagen for Russlands angrep på Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

I Tsjernivtsi, nær grensa til Romania, høyrer ein luftvernsirener mykje sjeldnare enn i sentrale delar av Ukraina. Årsaka er sjølvsagt den store avstanden mellom karpatiske Bukovina og fronten.

Dei som bur i denne regionen, kan gle seg over vårteikna og la auga kvile på vakre solnedgangar.

Når knoppane på trea spring ut, kan innbyggjarane i Tsjernivtsi ha lagt merke til eit eksotisk tillegg til faunaen i byen – eit betydeleg innslag av mange store, grøne papegøyar. Lviv-ornitologen Andrij Bokotej trur at dette underlege fenomenet indirekte kjem av krigen. Fuglane vart sleppte fri frå bura sine før eigarane flykta.

Utan naudsynt frykt for bombeåtak føler innbyggjarane i Tsjernivtsi at dei må ta andre omsyn på alvor. Da papegøyane først vart lagde merke til i november 2023, var det ein del uro for om dei kom til å overleve vinteren. Men desse halsbandparakittane, som dei heiter, overlevde ikkje berre vinteren, dei ser ut til å trivast i byen. Dei har sine favorittre og er særleg knytte til Zjovtnevij-parken, der pensjonistar hengjer opp fuglebrett med eple og flesk på greinene. Desse fuglebretta og papegøyane sjølve har blitt eit særmerke ved parken.

Lokale ornitologar held eit vake auge med papegøyane og gjer merksam på at dei er ein framand art som alt pressar ut innfødde fugleslag. Dei fleste lokale fuglane er skremde av nykomarane, og har flytta seg til område der papegøyane enno ikkje er.

At desse fjørkledde gjestene har dukka opp, har fått unge og gamle innbyggjarar i byen til å oppdatere kunnskapane sine i zoologi. No veit dei at halsbandparakittane gradvis har «okkupert» Vest-Europa i løpet av dei siste få tiåra. Denne «invasjonen» øydelegg ikkje akkurat freden for europearane, men har endra maktbalansen i Europas ornitologiske verd og tvinga europearane, nett som dagens ukrainarar, til å sjå etter den grunnleggjande årsaka til invasjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement