Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Ved Universitetet i Bergen har universitetsstyret gjort vedtak om «ikke å begrense de akademiske fagmiljøenes muligheter til akademisk arbeid», medan både Fakultet for kunst, musikk og design og Det juridiske fakultetet har vedteke å seie opp sine studentutvekslingsavtalar med israelske universitet.
Ved Universitetet i Bergen har universitetsstyret gjort vedtak om «ikke å begrense de akademiske fagmiljøenes muligheter til akademisk arbeid», medan både Fakultet for kunst, musikk og design og Det juridiske fakultetet har vedteke å seie opp sine studentutvekslingsavtalar med israelske universitet.
Publisert Sist oppdatert

Skal norske utdanningsinstitusjonar halde fram samarbeid med utdanningsinstitusjonar i Israel medan landet bombar Gazastripa i bitar? Det spørsmålet har skapt debatt landet rundt dei siste månadene.

Tysdag denne veka vedtok styret ved Universitetet i Oslo med knapt fleirtal at akademisk boikott av Israel ikkje var føremålstenleg. OsloMet, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Stavanger, Nord universitet og fakultetet for arkitektur og design ved NTNU har kome til ein annan konklusjon og har anten frose eller avslutta utvekslingsavtalar med isralske institusjonar.

Ved Universitetet i Bergen har universitetsstyret gjort vedtak om «ikke å begrense de akademiske fagmiljøenes muligheter til akademisk arbeid», medan både Fakultet for kunst, musikk og design og Det juridiske fakultetet tidlegare i år har gått eigne vegar og vedteke å seie opp sine studentutvekslingsavtalar med israelske universitet. Vedtaket frå Det juridiske fakultetet vart gjort i mars med knappe seks mot fem røyster i fakultetsstyret og er møtt med kritikk i ettertid.

Seks studentar har gått ut mot professor i folkerett, Terje Einarsen, fordi han i eit innspel til fakultetsstyremøtet skreiv at det å ikkje seie opp avtalen ville vere etisk uforsvarleg og pådra risiko for straffbar medverknad til folkemord».

Professor Eirik Holmøyvik, som òg er fast skribent i Dag og Tid, røysta sjølv imot å seie opp utvekslingsavtalen og har sidan fremja forslag om å gjere om på heile vedtaket. Det forslaget vart derimot røysta ned i eit nytt fakultetsstyremøte førre veke med sju mot fire røyster, og no har Holmøyvik difor trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

– Eg er usamd både i vedtaket om oppseiing og i måten det vart gjort på, men eg møtte ingen kompromissvilje hjå fleirtalet i styret. Då er det vanskeleg å sitje og ha ein samlande funksjon som leiar av ei forskargruppe på same fakultetet etterpå, seier Holmøyvik til Dag og Tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement