Kommentar
«Israel har mista særstatusen sin i verda.»
Statsminister Benjamin Netanyahu under ein minneseremoni i Jerusalem 4. juli. Gjennom krigføringa si i Gaza har Netanyahu og Israel tapt særstatusen sin i verda, meiner Cecilie Hellestveit.
Foto: Naama Grynbaum / Reuters / NTB
Iranarane er i tenkjeboksen etter drapet på den palestinske Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i Teheran. Dei har sendt bod om at Iran vil svare på åtaket, og bede sivile fly om å halde seg unna iransk territorium om kvelden torsdag 8. august. Det er uvisst i skrivande stund korleis Iran vel å markere at Israel har gått over streken. Men det er mykje anna som er ferd med å klarne. Ti månader etter Hamas-åtaket på Israel er transformasjonen av Midtausten eit faktum.
Tapt status
Det er særleg tre endringar som er synlege som følgje av den pågåande Gaza-krigen. For det første har Israels posisjon i verda blitt dramatisk svekt, og særstatusen har smuldra opp. Staten Israel har vore tett knytt til det europeiske folkemordet på jødane. Historia om at jødane treng ein heim for å verne seg mot antijødiske ideologiar og straumdrag, og frykt for nye folkemord, har gjeve Israel ein eigen aura som har verna staten mot harde sanksjonar. Men skuldingane om at israelarane no sjølv utset palestinarane for folkemord, har øydelagt Israels posisjon som uangripeleg.
Denne veka valde Tyrkia å gjere felles sak med Sør-Afrika mot Israel i Den internasjonale domstolen i Haag. Også Tyrkia meiner no at Israel er ansvarleg for folkemord mot palestinarane på Gaza. I saka mot Israel er det ikkje «arabarane» mot Israel eller «muslimane» mot Israel, men derimot statar frå heile verda som skuldar Israel for brotsverket over alle brotsverk.
Ulovleg
Den internasjonale domstolen kom i juli med sitt rettslege råd til FNs medlemsstatar. Her konkluderte nær samtlege domarar (med unnatak av den ugandiske domaren Julia Sebutinde, som på prinsipielt grunnlag ikkje aksepterer at domstolen skal blande seg i politiske prosessar) med at Israels okkupasjon av dei palestinske områda Gaza, Jerusalem og Vestbreidda er ulovleg. Domstolen slo fast at ei rekkje brot på folkeretten går føre seg på dei områda som ikkje er anerkjende som suverent israelsk territorium, men som (implisitt) skal verte den palestinske staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.