Israelsk dagsrevy

Kvar sundag kveld mellom 19.55 og 21.30 går nyhendesendinga Hadashot Ha’erev på den israelske fjernsynskanalen Kanal 12, den største av dei fire nyhendekanalane i Israel. Her kjem eit utdrag frå sendinga sundag 26. mai.

«Rakkettbyge frå Rafah til Sharon og Dan-området», seier tittelen. Programleiar Yonit Levi, som har vore andletet til Israels største fjernsynskanal i eit par tiår, introduserer nyhendesendinga på Kanal 12 søndag 26. mai kl. 19.55.
«Rakkettbyge frå Rafah til Sharon og Dan-området», seier tittelen. Programleiar Yonit Levi, som har vore andletet til Israels største fjernsynskanal i eit par tiår, introduserer nyhendesendinga på Kanal 12 søndag 26. mai kl. 19.55.
Publisert

Etter at Gaza-krigen tok til, byrjar alle nyhendesendingar i Israel med at namna til dei som har falle på slagmarka, blir lesne opp.

Programleiar Yonit Levi: «I dag døydde stabssersjant Betzalel Tzvi Kovach, 20 år, frå Jerusalem, av skade. Han var soldat i Netzach Yehuda-bataljonen i Kfir-brigaden. Han vart hardt skadd for fire dagar sidan i kampar nord på Gazastripa. Kovatch vart gravlagd i Jerusalem i kveld. Måtte hans minne verte ei velsigning.»

Regjeringskritikk

Yonit Levi: «Så til forhandlingane om ein gisselavtale. Om ein liten time skal krigskabinettet samlast for å diskutere eit nytt forslag som sjefen for Mossad har kome med. I kveld kjem me i den samanheng med sterke ord, og uroande ord, må me seie, frå den ansvarlege i hæren for gisselsaka, general i reserven Nitzan Alon. Yaron Avraham, vår politiske reporter, fortel om kva som kom fram i eit lukka forum sist veke, som lærer oss mykje om kor oppgitt Nitzan Alon er over politikarane.»

Politisk reporter Avraham: «Det stemmer, Yonit, sitata som kjem på skjermen om ein augneblink, er henta frå ein lukka samtale som general Nitzan Alon hadde med offiserane som har kontakt med familiane til dei kidnappa. Samtalen skjedde sist veke i byen Modiin. Legg merke til kva generalen seier: ‘Me er utan von. Med denne regjeringa vert det ingen avtale’.»

Generalen vert så sitert: «Den avtalen som eg jobbar for, inkluderer tilbakevending av alle dei kidnappa, samtidig som Hamas står på at avtalen må inkludere ein slutt på krigen.» Om eg skal analysere dette, seier reporter Avraham, «så har ikkje Hamas endra innhaldet i synet sitt om at krigen må ta slutt. Det fører oss kanskje til det tredje sitatet, som fortel oss om den sterke usemja som var i det lukka forumet sist veke».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement