Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.
Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.
Publisert

– Eit trugselnivå som alt er auka i Europa, blir heva ytterlegare av krisa i Midtausten. Mellom anna er det uro for at aktivisme mot Israel skal gå for langt og føre til valdelege aksjonar, seier forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) Petter Nesser. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på internasjonal terrorisme.

Ei uroleg verd med krig i Europa og Midtausten gjer at vi ikkje snakkar så mykje om faren for islamistisk terror i vestlege land. Men det er eit trugsmål som må takast på største alvor av etterretningsorganisasjonane, og mange åtak i europeiske land er avverja.

Dei to globale jihadistrørslene Den islamske staten (IS) og Al Qaida er dei største trugsmåla når det gjeld terrorfare i Vesten. Jihadismen er ei valdeleg retning i islam. Målet er å innføre eit islamsk styresett, kalifatet. IS-kalifatet i Syria og Irak blei nedkjempa i 2018–2019. Men IS er på ingen måte knust. IS og Al Qaida opererer globalt og består av ei rekkje grupper rundt om i verda.

Auka terrorfare

Det har gått meir enn eit år sidan terroren råka Israel 7. oktober i fjor. Noreg og nabolanda er del av eit forverra og omskifteleg trugselbilete i Europa, der tryggingstenestene gjer løpande vurderingar fordi det er frykt for at jihadistar eller iranske representantar skal gå til åtak på israelske interesser.

– Israels åtak i Gaza og i Libanon har drive og vil halde fram med å drive alt radikaliserte personar til å utøve vald; det vil også truleg medverke til å radikalisere andre. Ein annan risiko er at jihadistar kan prøve å manipulere unge og radikaliserte aktivistar som er frustrerte og desillusjonerte over effekten av lovlege Gaza-protestar, til å utøve vald, seier Petter Nesser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement