Politikk
Jobben som ikkje vert gjord
Riksrevisjonen slår fast at Noreg ikkje har lukkast med å få fleire unge i arbeid, men også at styresmaktene ikkje gjennomfører politikk og satsingar som alt er vedtekne.
Prosentdelen unge som får arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, er no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
I perspektivmeldinga regjeringa la fram for ein månad sidan, går det fram at det er behov for å auke arbeidsdeltakinga i Noreg: Fleire som ikkje jobbar, må i jobb, og fleire av dei som er i jobb, må jobbe meir og lenger.
Førre veke la Riksrevisjonen fram ein rapport som syner at dei som har den største jobben å gjere framover, etter alt å døme er norske styresmakter sjølv:
21.800 personar under 30 år får i dag uføretrygd, og det er meir enn dobbelt så mange som i 2010. I tillegg er talet på unge som får arbeidsavklaringspengar, også aukande, frå 25.000 i 2018 til 29.500 i 2023. Samla er prosentdelen unge som får slike ytingar, no høgare i Noreg enn i dei andre OECD-landa. Desse dystre faktuma er ein av konklusjonane i rapporten frå Riksrevisjonen med tittelen Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet.
Gjer ikkje jobben
Men resten av konklusjonane er også alvorlege. Dei slår fast at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning, at den arbeidsretta bistanden ikkje er tilstrekkeleg tilpassa unge utanfor arbeidslivet, og at Arbeids- og velferdsetaten – altså Nav – og helsetenesta ikkje har godt nok koordinert oppfølging av psykiske lidingar. Med andre ord: hjelpeapparatet dei unge har å støtte seg på, gjer ikkje jobben.
Det har ikkje skorta på satsingar. I 2018 vart det innført ein såkalla ungdomsinnsats, som skulle sikre rask oppfølging av unge under 30 år og at Nav prioriterte dei i arbeidsmarknadstiltak og oppfølgingsarbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.