Jon Hustad er død

Publisert Sist oppdatert

Jon Hustad (f. 1968) døydde torsdag 12. oktober. Det vert eit stort tomrom etter han i Dag og Tid. Han var ein særmerkt og kunnskapsrik journalist som mange lesarar sette pris på. Han var uredd og til å stola på, og han tok journalistikken på stort alvor. For redaksjonen var han ein viktig medarbeidar som i tillegg til å levera gjennomarbeidde artiklar veke etter veke, gav gode og nyttige tilbakemeldingar til kollegaane til det beste for avisa.

Vår medkjensle går til dei tre borna, Ingvild, mora, syskena og slekta elles.

Jon vil bli sårt sakna av oss alle som kjende han som kollegaer og vener.

Svein Gjerdåker

redaktør