Utanriks
Journalistar på konstant vakt
Den russiske eksilavisa The New Tab tilbyr vestlege medium reportasjar frå innsida av Russland. Men særs mykje blir anonymisert før det når lesaren. Vil lesaren tru på det då?
Soldatar frå den russiske nasjonalgarden er på veg for å hindre ein demontrasjon på Den raude plassen i Moskva.
Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB
– Du kan kalle meg Lola, som eg brukar i avisa mi, Lola Romanova. Alderen min kan du heller ikkje skrive. Ikkje kvar eg bur, eller namnet på staden eg kjem frå. Eg fortel deg alt du vil vite, men du kan ikkje skrive alt. Det må berre vere slik, seier ho.
Så: Lola kjem frå ein liten stad langs ei av Volgas sideelvar. Ho er ung og snakkar betre engelsk enn eg. Nett no sit ho føre meg i eit videointervju via Telegram. Ho har ein bleikrosa collegegenser, og kring halsen ber ho eit sølvfarga smykke med eit hjarte som anheng. Det må ein få lov å nemne. Bak henne heng kvite gardiner som delvis er trekte for.
Lola er ein av 15 journalistar som skriv i løynd innanfrå Russland for den russiske eksilnettavisa The New Tab, som er basert i Riga i Latvia.
Ho ville fordjupe seg i språk. Men då hennar eige land invaderte naboen, måtte ho gjere noko.
– Kvifor? Eg har spurt meg sjølv det same ein million gonger. Eg håpar det ikkje verkar for patetisk, men eg kunne ikkje la vere å involvere meg. Eg er ikkje ei som demonstrerer eller talar høgt. Kanskje er eg for indoktrinert, men eg likar ikkje slikt. Eg ville aldri ha blitt journalist om det ikkje var for krigen.
– Kva er det med krigen som gjorde det så viktig å vere journalist?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.