Intervju

Kald vind frå aust

Bygg- og anleggsbransjen i Kina utgjer ein viktig del av verdsøkonomien. No er krisesignala tydelege.

Eigedomsselskapet Evergrande trugar både den kinesiske økonomien og verdsøkonomien.
Eigedomsselskapet Evergrande trugar både den kinesiske økonomien og verdsøkonomien.
Publisert

Evergrande… Sjølv om få, om nokon, veit kva namnet tyder – kinesarar liker amerikanskklingande, men meiningslause ord – så lyt du læra deg namnet. No trugar selskapet kinesisk økonomi og dimed verdsøkonomien. Pål Ringholm er analysesjef for kreditt i Sparebank 1 Markets.

– Kva er Evergrande? Statleg, privat, semiautonomt? Det er så mange underlege konstruksjonar i Kina.

– Det er ikkje lett å svara på, men utgangspunktet er at det er eit børsnotert eigedomsselskap. Men kinesisk eigedom fungerer ikkje som vestleg eigedom. All jord i Kina vert eigd av folket, men som vi veit, er «folket» ein eufemisme for staten, eller rettare, for kommunistpartiet. Folket sel ikkje eigedom, dei leiger han ut over mange år. I praksis vil det seia at kommunale styresmakter sel jord til private eigedomsselskap, som sit med svære lån.

– Kvifor har dei så mykje lån? Dei er då berre mellommenn?

– Når det skal gå fort, treng dei finansiering. Vi veit ikkje kor mykje lån Evergrande har på balansen, men eg har laga ein analyse der eg kjem med eit overslag. Eg trur dei har roughly 2650 milliardar kroner i gjeld. Gjelda er ein funksjon av skala. I Kina byggjer dei ikkje småhus. I Kina byggjer dei svære blokkar. Skal Evergrande byggja stort, må dei låna stort. Kapitalen har dei fått frå kinesiske bankar, frå gjeldsmarknaden, frå internasjonale kundar og ikkje minst frå folk flest, som vil ha bustad. Ein stad mellom 1 og 1,5 millionar kinesarar har sett inn sparepengar i selskapet. Evergrande er eit konglomerat som har sitt eige band, sitt eige fotballag, sin eigen underhaldningspark og så bortetter. Selskapet er enormt.

– Men eine og åleine er ikkje selskapet så stort målt opp med den samla økonomien. Det går då an å berga det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement