Kommentar

Kamikaze på Gaza

Hamas er kjend for sjølvmords­aksjonar. Dette terroråtaket er annleis. Det er eit sjølvmordsbrev.

Publisert

Laurdag 7. oktober leidde Hamas’ militære ving operasjon Al-Aqsa-syndefloda mot israelsk jord og israelske sivile. Åtaket markerer starten på slutten for Hamas’ styre på Gaza.

Aldri har israelske innbyggjarar på suverent israelsk territorium opplevd noko slikt. Palestinske militante tok kontroll over sivile senter i dagar til endes, og etterlét seg haugar av nedslakta sivilbefolkning. Åtaket rører ved sjølvaste grunnideen til staten Israel, som vart oppretta etter andre verdskrig for å verne jødar. Israel skulle vere ei trygg hamn, slik at jødiske familiar ikkje skulle frykte å verte oppsøkte i heimane sine, dregne ut og slakta eller tvinga bort av væpna uniformerte menn til grufulle lagnader. Det er denne trygge heimen for jødar som for israelarar flest har rettferdiggjort lidingane Israel har utsett palestinarane for. No har Hamas har knust glaskula.

Eit splitta Israel har det siste året krangla om kva Israel skal vere. Truleg forklarer denne splittinga at Hamas har klart å planleggje operasjonen utan at å verte oppdaga av israelske tryggingstenester. Men israelarar er samde om at Israel skal vere. Og no har Hamas samla Israel til krigsfot. Operasjon Jernstorm er sett i verk, lokalval utsette, krigskabinett etablert og 300.000 reservistar mobiliserte. Truleg står ein bakkeinvasjon for døra, for Hamas-rørsla på Gaza må døy i si noverande form. Israel går saman for å nøytralisere faren frå Gaza.

For Hamas og Gaza er tett knytte saman. Gaza vart okkupert av Israel under seksdagars krigen i 1967. Tjue år seinare braut den fyrste intifadaen ut her, og Hamas vart danna. Då Oslo-avtalen i 1994 oppretta palestinsk sjølvstyre på det okkuperte Gaza, stod Hamas sterkt her.

I 2005 fekk Israel nok av Gaza. Då trekte Ariel Sharon ut dei 5000 israelske nybyggjarane frå Gaza, og soldatane som hadde passa på dei. Israel ville kvitte seg med Gaza og bad om at grensa mot Gaza vart anerkjend som «internasjonal grense». Men no sette verdas statar ned foten. Sjølv den amerikanske presidenten George Bush jr. sa nei. Elles ville Israel ha peika på Gaza som «Palestina». Gaza er derimot framleis ein del av det partane skal forhandle om i ei mogeleg løysing som inkluderer Vestbreidda, Jerusalem og Gaza. Her finn vi forklaringa på at Gaza framleis har status som okkupert territorium i folkeretten, sjølv om israelske styrkar dei siste åra berre har stått rundt Gaza.

Og når eit territorium er okkupert, kan okkupasjonsmakta setje i verk blokadar. Då Hamas i 2006 i eit åtak inne i Israel tok den israelske soldaten Gilad Shalit som gissel og førte han attende til Gaza, innførte Israel blokade mot Gaza. Etter at Hamas tok makta på Gaza i 2007, stramma Israel blokaden til. I Palmer-rapporten frå 2011 kom ei uavhengig ekspertgruppe i FN til at blokade var eit lovleg stridsmiddel for okkupasjonsmakta Israel mot Gaza, i den grad dei påreknelege sivile følgjeskadane er proporsjonale med den konkrete militære fordelen. Det gjeld no òg, sjølv om det som skjer denne gongen, er noko heilt anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement