«Kan du stave ?»Ane Dahl Torp har etterlyst ei ålmenn aldersgrense for sosiale medium på skulen. Utdanningsforbundet er ikkje samd.
Ane Dahl Torp har etterlyst ei ålmenn aldersgrense for sosiale medium på skulen. Utdanningsforbundet er ikkje samd.
Barn som er så små at dei manglar finmotorikk nok til å trykkje på rett knapp, har tilgang til smarttelefon.
Foto: Jan Haas / NTB scanpix
Eg er tolv år og sit og sukkar over matteleksene ved kjøkenbordet i barndomsheimen på Sunnmøre.
– Her Mone, skal du få noko av meg, seier mor mi.
I fanget hennar ligg det ein – etter notidas standard – mikroskopisk mobiltelefon. Ein Siemens A50.
– Har eg fått mobil, spør eg og greier så vidt å forme orda rundt smilet.
Det er gamletelefonen til mor mi eg får. Men eg er så spent at eg nesten ikkje tør å ta i han. Kven skal eg sende SMS til først, grublar eg. Har eg nummeret til veninna mi over vegen?
Får du mobiltelefon for første gong når du er tolv i dag, er du seint ute. Barn som er så små at dei ikkje berre manglar finmotorikk nok til å trykkje på rett knapp, men heller ikkje har lært seg å skrive ordentleg, har tilgang på smarttelefon. Og 90 prosent av 10–11-åringar har eigen smarttelefon, melde Adresseavisa tidlegare i år. Svært mange av desse nyttar sosiale medium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.