– Kan gje betre lønsoppgjer
Arbeidslivsforskar Isak Lekve meiner streiken styrkjer balansen i lønsforhandlingssystemet og kan gje betre oppgjer framover.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid etter brotet i meklinga i lønsoppgjeret sundag.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Både LO og NHO sa tidleg at lønsoppgjeret kom til å verte krevjande. LO-leiaren formidla òg at LO var budd på storstreik. Arbeidslivsforskar Isak Lekve ved Samfunns- og næringslivsforsking ved Noregs handelshøgskule trudde likevel ikkje det kom til å verte streik.
– Det var fordi det er lettare å streike i eit hovudoppgjer, når det kan vere strid om prinsipp. I mellomoppgjer, som berre handlar om løn, har det ikkje vore streik sidan forhandlingssystemet vi har i dag, vart etablert like etter krigen. Det har heller aldri skjedd at toppane i eit samordna oppgjer ikkje har vorte samde. Streiken i 2000 kom av at grunnplanet i LO sa nei til den framforhandla avtalen, seier han.
– I tillegg har pandemien, energikrisa og krigen i Europa medført stor uvisse om økonomien framover. LO har dessutan kritisert Noregs Bank for å heve renta, nett med argument om at partane i arbeidslivet er ansvarlege. Eg trudde òg streikeviljen skulle vere lågare med Ap i regjering, legg han til.
– Det som låg på bordet, var ei ramme på 5,2 i lønsvekst, som jo er relativt mykje?
– Tala frå Teknisk berekningsutval (TBU) tilseier at prisveksten vert på 4,9 i år. I lys av det, og jamført med andre oppgjer, er 5,2 mykje. Men prisveksten TBU la til grunn i fjor, synte seg å vere for låg. Og torsdag førre veke kom Statistisk sentralbyrå med anslag på konsumprisindeksen, på 6,5 prosent, altså monaleg høgare enn ramma. Dessutan handlar streiken om fordelinga av dei 5,2 prosentane, og at 1,9 prosent av desse skal hentast gjennom lokale forhandlingar. Ikkje alle får ut så mykje lokalt, og det råkar som regel dei som alt har dårleg løn frå før.
– Kven pleier å kome dårlegast ut lokalt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.