Utanriks
– Kan ha nytte av Prigozjin
Opprøret til Prigozjin trua ikkje berre Putin, men også Lukasjenka-regimet i Belarus, seier Arve Hansen, rådgjevar i Helsingforskomiteen.
Wagner-leiar Jevgenij Prigozjin forlet Rostov-na-Donu 24. juni.
Foto: Alexander Ermochenko / NTB
Det var ei intens helg då Wagner-gruppa, med Jevgenij Prigozjin i spissen, marsjerte mot Moskva. Stod den russiske leiinga i fare for å bli styrta? Men så snudde Prigozjin. Den belarusiske presidenten Aljaksandr Lukasjenka hadde tatt rolla som meklar; korkje Wagner-sjefen eller leigesoldatane hans skulle stillast for retten. Tvert om vart dei inviterte til Belarus. Kva vil dette ha å seie for posisjonen til Belarus og Lukasjenka?
Arve Hansen er rådgjevar i Helsingforskomiteen. Han har studert i Minsk, arbeidd i Kyiv og Murmansk og drive med feltarbeid i Ukraina.
– Kvifor tok Lukasjenka rolla som meklar i denne situasjonen?
– Eg ser fleire moglege grunnar. Det viktigaste er nok at opprøret til Prigozjin ikkje berre trua Putin, men indirekte også Lukasjenka-regimet. I 2020, då store delar av Belarus protesterte mot valfusk og alvorlege brot på menneskerettane, var det berre med hjelp av politisk og økonomisk støtte frå Kreml at Lukasjenka overlevde. Skulle Putin bli styrta, er det slett ikkje sikkert at etterfølgjaren hans vil prioritere å beskytte den belarusiske diktatoren.
– Kva kan måten Lukasjenka handterte dette på, ha å seie for han på lengre sikt?
– Det kan vere med på å sikre posisjonen hans i framtida. Måten han handterte dette på, passar godt inn i Lukasjenkas framstilling av Belarus som ein uvurderleg alliert av Russland, slik Belarus var under andre verdskrigen. Lukasjenka har no klart å skape blest om seg sjølv og har scora mange PR-poeng på det som skjedde. Ikkje minst i Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.