¿ Kan verda klare seg om Facebook går under?

Ein så mektig aktør som Facebook må handsamast på line med ein finansinstitusjon, argumenterer to forskarar i ein fersk studie.

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

00:00
00:00
Press Enter or Space to show volume slider.

– Eg blei overraska over at vi nesten var dei fyrste til å diskutere dette. Vi trudde at det skulle finnast mykje litteratur og data, men ingen har tenkt mykje på kva som vil skje viss det hender noko dramatisk med eit så stort teknologisk selskap, seier den svenske forskaren Carl Öhman til Dag og Tid.

Han er knytt til Oxford Internet Institute ved University of Oxford. Saman med Nikita Aggarwal publiserte han nyleg artikkelen «What if Facebook goes down? Ethical and legal considerations for the demise of big tech» i tidsskriftet Internet Policy Review.

Öhman meiner diskusjonane om verknaden av teknologien og digitalisering er enten for kortsiktige eller for langsiktige.

– Vi ønsker debatt om kva som skjer om 15–20 år. Det er i levetida vår, men likevel så langt framme at det er interessant å peike på utviklingstrekk.

Døde og levande

Bakgrunnen for den nye artikkelen var at Öhman og ein kollega for eit par år sidan fann ut at det om 50 år ville vere fleire døde enn levande profilar på Facebook. I dag har Facebook 2,6 milliardar brukarar.

– Då spurde journalistane korleis eg kunne vite om Facebook fanst då. Det kan eg sjølvsagt ikkje vite, men det interessante spørsmålet blir kva som skjer med dei dataa som Facebook samlar inn og bruker som innsatsfaktor i si verksemd, seier Öhman.

– Sjølv om vi seier at det ikkje er sannsynleg at Facebook går konkurs, må vi diskutere konsekvensane av at det eventuelt skjer, fordi det tek lang tid å finne gode svar.

Han og medforfattar Aggarwal peikar på at vi i dag ikkje har eit regulatorisk rammeverk for å handtere kva som skjer med datamengdene ved ein konkurs eller ei omstrukturering.

Öhman seier at dette er spørsmål som ikkje gjeld berre Facebook og dei største aktørane, men alle selskap som nyttar data og dimed sit på store mengder brukardata, til dømes flyselskap, hotell, spelselskap og nettbutikkar. I tillegg til å gje innsyn i brukarvanar og åtferd, representerer datamengdene også historisk materiale. Korleis blir det handsama?

Facebook = Internett

Ein tilleggsdimensjon for ein global gigant som Facebook er kva konsekvensar ei endring får i land der Facebook utgjer den grunnleggande digitale infrastrukturen og er økosystemet for nyheiter og informasjon – der Facebook er synonymt med Internett.

Öhman samanliknar posisjonen til Facebook i slike land med at vegane i eit samfunn skulle vere eigde av ein privat aktør som plutseleg gjekk konkurs eller slutta å drifte dei. Då ville det raskt bli kaos og ugreie. Konklusjonen i «What if Facebook goes down?» er at det vil ha katastrofale sosiale og økonomiske konsekvensar om ein aktør som Facebook går over ende eller legg om verksemda dramatisk. Konsekvensane gjeld både eit utal samfunn som er avhengige av ei så dominerande plattform på dagleg basis, og brukarar som har personlege data hjå selskapet.

– Har de empirisk grunnlag for ein så sterk konklusjon og språkbruk?

– Ja, det er ein sterk konklusjon, men vi har eit bra grunnlag. Sjå til dømes på Laos og liknande land der det meste av den elektroniske kontakten mellom menneske og aktiviteten til dei kommersielle verksemdene går føre seg via Facebook, seier Öhman.

Öhman minner om at Facebook er den sentrale kommunikasjonskanalen mellom menneske over landegrensene i ein region med stor utveksling av arbeidskraft. Det er via denne plattforma ein familie i Indonesia når eit familiemedlem som arbeider i Singapore eller eit arabisk land.

Forskarane meiner den pågåande koronapandemien også understrekar kor viktig tenesta er for å kunne informere innbyggjarane i mange land.

Facebook tilbyr til dømes gratis tilgang til delar av internettet via Free Basics Platform. 100 millionar menneske bruker denne tenesta, som er blitt kritisert for å låse fattige brukarar til Facebook. I eit folkerikt afrikansk land som Nigeria har til dømes WhatsApp, eigd av Facebook, ein liknande posisjon som den leiande kommunikasjonsplattforma.

– Det er vanskeleg å overvurdere kor viktig Facebook er, seier Öhman.

Møter motbør

Når vi les historia om korleis Facebook starta, i det små, og utvikla seg, tidvis tilfeldig, er det lett å tenke seg at Mark Zuckerberg ikkje veit kva han sette i gong, og at han no langt på veg har skapt eit monster som altså ikkje vil forsvinne, slik fenomen som Myspace eller Google + gjorde.

Samstundes som Facebook ikkje berre kan gå hen og døy, møter selskapet motbør. Forskarane peikar på fleire utfordringar. Éi utfordring er eit forslag om strengare reguleringar av bruk av persondata i delar av USA og Europa. Det kan svekke lønnsemda i Facebook, fordi selskapet blir mindre attraktivt som annonsemarknad. Det kan også komme krav om at selskapet sel unna delar av verksemda, som Instagram og WhatsApp, for ikkje å bli råka av antitrustlover.

Ei anna utfordring dreier seg om endringar i brukarvanar frå webbasert til appbasert bruk, der konkurransen om dei yngre brukarane er stor.

I tillegg er det veksande motstand mot Facebook fordi selskapet ikkje maktar å handtere feilinformasjon, hatefulle ytringar og ytringsfridom på ein måte som tilfredsstiller delar av opinionen.

Alt dette kan, argumenterer forskarane, føre til at Facebook vel å gå vekk frå å vere ei offentleg nettverksplattform som tener pengar på å eksponere brukarane for annonsar og ulike bodskap. I staden kan selskapet bli, slik grunnleggar Mark Zuckerberg har signalisert, ei teneste for private, krypterte meldingar. Inntektene kjem i større grad frå handelsverksemd og betalingstenester.

– Sjølvsagt kan ein ny aktør ta over kundar og posisjon om Facebook forsvinn eller blir svekt. Men det er den nordamerikanske og europeiske marknaden som er lukrativ for selskapet. Viss det går dårlegare og dårlegare her, kan Facebook avvikle hovudplattforma, noko som altså vil råke andre og mindre lønnsame land, seier Öhman.

Og sidan Facebook utgjer den kritiske infrastrukturen for elektronisk kommunikasjon og handel i desse landa, kan det få katastrofale konsekvensar.

I verste fall – konkurs

Eit verste, men lite sannsynleg utfall som også blir drøfta, er konkurs eller ei form for restrukturering der verdiar skal avhendast. Og verdiane er altså opplysningar om kva milliardar av einskildmenneske bruker av varer og tenester, og ikkje minst kva dei meiner om ymse samfunnsspørsmål.

I ei verd der informasjon, desinformasjon og propaganda på sosiale medium blir brukt i kampen om politisk oppslutning, er dette eit materiale av særs høg verdi.

Ikkje samfunnsansvar

Öhman meiner at Facebook ikkje opptrer i samsvar med den posisjonen og det ansvaret selskapet har. Derfor føreslår forskarane at dei teknologiske gigantane må bli underlagde same type regelverk som til dømes store finansinstitusjonar blir.

– Dette er ei utvikling som har komme bakpå politikarane. Det gjer meg uroleg at samfunnet frå politisk hald undervurderer kor viktige dataa er. Kva som hender med eit så stort dataarkiv, er kritisk for verdspolitikken. Nett no blir dataa kontrollerte av Facebook, som vi kanskje trur på. Men vi har ikkje tatt på alvor kva som kan hende på lang sikt. Det er som om nokon held eit våpen, og vi ikkje har tenkt på kva som skjer viss ein person som vi ikkje stoler på, får hand om det. Skal Putins Russland få hand om desse opplysningane? Eller Kina? spør Öhman.

– Min analyse er at Facebook vil bli mykje meir enn i dag og freiste å gjere seg uunnverleg ved å ta over fleire og fleire samfunnsfunksjonar. Dei tilbyr no ein eigen marknadsplass for sal og kjøp av varer og tenester. Dei tilbyr chattetenester som skal handtere kundar for ulike verksemder, seier han.

Selskapet arbeider også med å lage sin eigen valuta.

Og som vi veit, vi som bruker for mykje tid på plattforma, det er ein stad for glede og sorg. For å gratulere og kondolere.

Med tanke på dei mange som har gått bort, og som framleis har ein profil der, meiner Öhman at Facebook også kan ta over den rolla som kyrkja har hatt, og bli ein minnestad eller ein gravplass der vi går for å heidre dei døde. Målt i brukarprofilar er jo Facebook større enn kristendommen.

– I ei verd der vi lever meir spreitt, er det ikkje utenkeleg. Og selskapet tilbyr dette gratis, seier han.

– Vil Zuckerberg ha verdsherredømme?

Öhman ler, før han svarer: – Ja, meir eller mindre.

– Kva som hender med eit så stort dataarkiv, er kritisk for verdspolitikken.

Carl Öhman, svensk forskar