Utanriks

Kandidat med akilleshæl

Kamala Harris står langt til venstre i amerikansk politikk. Det kan verte eit problem for henne, ifølgje Hans Høeg, som har seks år bak seg i den amerikanske Kongressen.

Kamala Harris har utløyst historiske pengesummar sidan ho tok over som presidentkandidat for Demokratane. Her er ho fotografert under eit valkamparrangement i Atlanta i Georgia den 30. juli.
Kamala Harris har utløyst historiske pengesummar sidan ho tok over som presidentkandidat for Demokratane. Her er ho fotografert under eit valkamparrangement i Atlanta i Georgia den 30. juli.

Hans D. Høeg har skrive boka Vår mann i Washington om perioden han jobba som stabsjef for den republikanske kongressmannen Thomas Massie. I haust kjem den andre boka hans, som handlar om Donald Trump.

– Det har vore ein dramatisk sommar i amerikansk politikk. Trump har overlevd eit attentat, fått ein viktig juridisk siger og valt visepresidentkandidat. Ein covid-sjuk Biden har trekt seg som presidentkandidat, og partiet støttar opp under Kamala Harris. Korleis vil du skildre denne juli-månaden?

– Ha-ha, i amerikanske presidentvalkampar snakkar ein om «oktoberoverraskinga», som tyder at eit eller anna vert avdekt i oktober, før presidentvalet i november. Det har vore ein del av dei opp gjennom åra, men i år fekk vi både to og tre october surprises i juli. Eg er ikkje overraska over at Biden kasta korta, men var ikkje sikker på når det ville skje.

– Korleis har Harris endra den amerikanske valkampen så langt?

– Det viktigaste som har skjedd, var at folk skrudde av pengekranene etter Bidens katastrofale debatt mot Trump. Demokratane var nervøse, skuffa og frustrerte og hadde ingen stad å gå. Då Harris tok over, var det som om ei demning brast. Det utløyste historiske pengesummar. No ser vi ein topp, som vil normalisere seg, og vi får hundre dagar med valkamp. Men det viktigaste er at Demokratane har fått energien tilbake.

– Harris har tidlegare vore stempla som upopulær. Kva er grunnen til at partiet så fort har samla seg om henne?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement