Utanriks

Kandidatane frir til polakkar i USA

BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.

Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.

Sist søndag var eg og den polske presidenten på katolsk messe i Bucks County i Pennsylvania. Alle i kyrkja snakka polsk, sjølv om dei fleste har vore her i mange generasjonar, mange tilbake til 1800-talet, då polske katolikkar flykta frå Otto von Bismarcks Kulturkampf. Andre kom etter Berlinmuren fall. Alle eg prata med, var Trump-tilhengarar, men tala viser at polsk-amerikanarane er splitta, opne for å la seg bele til av både det republikanske og det demokratiske partiet.

Donald Trump skulle òg vere her, men han avlyste, kanskje fordi valkampanjen stramma inn på tryggleikstiltaka etter det andre attentatforsøket, kanskje fordi Polens president Andrzej Duda såg ut til å bli forseinka av flaumane i Sentral-Europa.

Valkampanjane var på friartokt på kryss og tvers av Pennsylvania denne helga. Same søndag skulle mannen til Kamala Harris, Doug Emhoff, snakke til ei anna forsamling i Bucks County. I staden svinga han innom Kasdon’s Restaurant and Tavern lenger nord i Pennsylvania, der lokale demokratar var samla for å sjå Philadelphia Eagles spele kamp. Neste dag var Trump venta i gruvebyen Pittsburgh. Dagen før var J.D. Vance i Hershey for å vere med på liveshowet til Tucker Carlson.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement