Karaktersvikten i det gode gamleDet står dårleg til med det moderne republikanske styresettet når framståande medlemmer ikkje vil innrømme feil.
Det står dårleg til med det moderne republikanske styresettet når framståande medlemmer ikkje vil innrømme feil.
Verken Donald Trump eller Rob Porter, som no er ute av biletet etter skuldingar om konemishandling, har lett for å be om orsaking.
Foto: Reuters / Jonathan Ernst
Sjølv dei som lenge har avfunne seg med at Donald Trump er korrupt, sjølvsentrert og uærleg, verkar ein smule sjokkerte over tiradane han kom med førre helg, då Washingstons fødselsdag, populært kalla presidentdagen, vart feira. Trump brukte massakren i Parkland i Florida som unnskyldning for å kritisere FBIs etterforsking av Russlands innblanding i valet på hans vegner, samtidig som at han laug om at han tidlegare har nekta for at den same innblandinga skjedde. Det er så usselt at det er imponerande, gitt alt Trump har sagt og gjort så langt.
Likevel, om vi tenkjer oss om, var dette eit svært karakteristisk utbrot – og her siktar eg ikkje berre til Trump som person. Kva tid såg vi sist ein medlem av presidentstyret, eller ein framståande republikanar, for den saks skuld, innrømme feil eller ta på seg ansvaret for eit problem?
Ikkje sei at «slik har det alltid vore», at «det er slik folk er». Tvert imot vart det å ta ansvar for handlingane sine – det å vere eit mensch, som foreldra mine ville sagt – tidlegare sett på som ei viktig dygd hos politikarar og vaksne generelt. Og i dette tilfellet, som i så mange andre tilfelle, er forholdet mellom partane svært asymmetrisk. Det er klart ikkje alle demokratar er ærlege og heiderlege, men så vidt eg kan sjå, er det knapt nokon igjen i The Grand Old Party som er villige til å ta ansvar for, vel, noko som helst.
Og eg trur ikkje det berre vart slik. At det står så dårleg til med det moderne republikanske styresettet, er eit symptom på korrupsjonen og hykleriet som har heimsøkt halve det politiske USA – ein sjukdom på sjela som manifesterer seg i personleg åtferd så vel som i dei politiske linjene. Men før eg seier meir om denne sjukdommen, kan vi sjå på eit par eksempel på karaktersvikten som gjennomsyrer dagens presidentstyre.
I den trivielle, men like fullt talande enden av skalaen har vi historia om Scott Pruitt – leiaren for miljøvernetaten (Environmental Protection Agency): Han flyg stadig på første klasse på skattebetalarane si rekning. Og det er ikkje pengebruken som er problemet, sjølv om han bruker meir pengar enn han ifølgje offisielle retningslinjer skal. Det mest oppsiktsvekkjande er at han visstnok flyr på første klasse fordi medpassasjerar på økonomiklassa har det med å komme med kritiske merknader ansikt til ansikt. Hugs det neste gong nokon samanliknar liberale politikarar med snøfnugg.
Meir alvorleg talt: Sjå på åtferda til Trumps stabssjef John Kelly, som så mange gonger har baktalt kritikarar og nekta å innrømme feil at han snart kan måle seg med sjefen sin. Du fekk kanskje med deg at Kelly kom med falske skuldingar mot Frederica Wilson, som er medlem i Representanthuset, og nekta å trekkje dei tilbake, sjølv etter at ein video avslørte at skuldingane var falske? Deretter, no nyleg, hevda Kelly hardnakka at han ikkje kjende til alle detaljane rundt skuldingane om at Rob Porter skal ha mishandla to ekskoner, før – som ein stabstilsett sa – «40 minutt før han gav han sparken». Påstanden skurrar jo, med tanke på alt som er sagt og skrive om saka. Om han så verkeleg ikkje var kjend med saka, hadde det vore på sin plass å orsake at han ikkje var det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.