Krig

Kherson – by utan musikk

Byen Kherson feira for nokre dagar sidan det første året med frigjering frå russisk okkupasjon.

På årsdagen for frigjeringa 11. november vart det arrangert eit forum for militære skribentar i Kherson. Det var møte og bokpresentasjonar både over og under jorda.
På årsdagen for frigjeringa 11. november vart det arrangert eit forum for militære skribentar i Kherson. Det var møte og bokpresentasjonar både over og under jorda.
Publisert

Datoen vart markert meir på nettet enn med personleg frammøte, og det var ikkje noko fyrverkeri. Men president Zelenskyj kunngjorde heider til forsvararane av Kherson og til dei innbyggjarane som vart verande i byen under den russiske okkupasjonen og med det gjorde patriotismen sin synleg ved å hjelpe det ukrainske militæret og medborgarane sine så langt dei kunne.

Ein av dei som vart hylla, var Igor Dryuk, ein kirurg ved sjukehuset i byen. Under okkupasjonen heldt han fram med å utføre operasjonar på innbyggjarar frå Kherson, men nekta å behandle russisk militært personell.

Korleis han var i stand til å overleve og halde fram med arbeidet på sjukehuset, er det ingen som veit. Vi veit at russiske militære ikkje stolar på ukrainske legar, særleg kirurgar, og at dei freistar bruke tenestene til legar frå Russland, som blir lokka til dei okkuperte territoria med svært høg løn og reiseløyve.

President Zelenskyj besøkte ikkje Kherson til den første åremålsdagen etter frigjeringa. Frå den venstre breidda av Dnipro bombarderer russisk artilleri Kherson og nabobyane kvar dag og kvar natt. Å seie at det er feststemning der, ville vere usant.

På overflata var frigjeringsdagen i Kherson ikkje annleis enn andre dagar, med unntak av fleire ukrainske flagg i gatene. Men under bakken, i bomberom, var det likevel litt feiring.

På denne dagen dukka det opp ein ny, underjordisk møteplass, Svoye (Vårt folk), i Kherson. Det er lokale forretningsfolk, sosialarbeidarar og aktivistar som står bak. Svoye er er eit velutstyrt bomberom, utforma meir som ein klubb. Treningssamlingar og andre tiltak vil gå føre seg her. Likesinna og frivillige kjem til å møtast i lokalet. Senteret har eit stort undervisningsprogram for born, som først og fremst vil vere konsentrert om tryggingsspørsmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement