Kherson kritisk for Kreml

Russland seier dei vil trekkja seg tilbake frå storbyen Kherson. Om det verkeleg skjer, har ukrainarane nådd ein milepåle i kampen mot den russiske imperiemakta.

Publisert Sist oppdatert

Kherson er mykje meir enn ein by. Kherson er eit symbol, fyrst på den kampen det russiske imperiet førte i fleire hundreår mot grannar i vest, sør og aust, og no på Ukrainas kamp for sjølvstende.

Kor viktig byen er, ser ein om ein kastar eit blikk på eit kart: Forbi Kherson flyt den mektige Dnipro-elva, vassvegen som heilt sidan mellomalderen har vore den sentrale livlina i det ukrainske landskapet. Om ein seglar berre om lag 30 kilometer frå byen, er ein ute i Svartehavet. Dreg ein hundre kilometer mot søraust, kjem ein til den smale Perekop-landtunga som bind halvøya Krym til fastlandet.

Vil ein ha kontroll med den vestlege delen av Svartehavet og Krym-halvøya, er Kherson staden ein bør sitja. Ikkje minst viktig er Kakhovka-demninga i Dnipro, sju mil vest for byen. Anlegget produserer store mengder elektrisitet, og bak demninga er det eit enormt reservoar som forsyner Krym med vatn.

Endra maktbalanse

Keisarinne Katarina den store og elskaren hennar, Grigorij Potjomkin (han med dei vidgjetne kulissane), forstod kor viktig dette området var. Mot slutten av 1700-talet førte dei to krigar mot det ottomanske imperiet. Gjennom desse krigane blei maktbalansen i Svartehavet varig endra, slik at Russland tok over rolla som hegemonimakt frå Tyrkia.

I 1778 gav Katarina ordre om å byggja ein by på dei nyerobra områda langs med Dnipro. Byen skulle heita Kherson. Namnet var ikkje tilfeldig valt. Kherson vart oppkalla etter oldtidsbyen Chersonesos, som ligg rett ved sidan av Sevastopol på Krym. Skal ein tru ein av de to kristningslegendene som munken Nestor skreiv ned kring år 1100, var det i Chersonesos at den seinare helgenkåra fyrst Vladimir av Kyiv-Rus lét seg døypa i året 988.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement