Kinesisk status quo
Militærøvingane utanfor Taiwan er del av eit vedvarande spel, seier Hans Jørgen Gåsemyr.
Ein fiskebåt seglar forbi eit kinesisk krigsskip under militærøvinga utanfor Taiwan 11. april.
FOTO: Reuters / Thomas Peter
Kina har hatt militærøving utanfor Taiwan. Øya har sidan 1949 fungert som eit eige land med sjølvstyre, men Kina ser på Taiwan som ein del av sitt territorium. USA seier at dei skal forsvare Taiwan dersom Kina går til angrep. Hans Jørgen Gåsemyr er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Øvinga som har vore no, er ein respons på at presidenten i Taiwan var på besøk i USA. Kina har stadig vekk liknande øvingar anten som respons på andre ting eller generell signalisering av sine interesser og krav. Det er del av eit vedvarande spel.
– Du har budd i Kina og kan kinesisk. Korleis ser kinesarane på Vestens rolle i Taiwan-spørsmålet?
– For den vanlege kinesaren er det sjølvsagt at Taiwan tilhøyrer Kina. Når kinesiske styresmakter fremjar sine krav om at Taiwan er kinesisk territorium, har det brei støtte i befolkninga. Det er ulike haldningar knytte til kor langt ein skal gå når det gjeld å provosere fram ein militær konflikt. Mange kinesarar vil nok støtte det, andre vil sjå med frykt på kva konsekvensar det kan få. Sett frå Kina er ikkje dette ei sak som Vesten har noko med.
– Det høyrest ut som orda Emmanuel Macron brukte etter besøket i Kina denne påsken. Dette er ikkje vår konflikt, sa han. Har han rett i det?
– Sett på spissen er det iallfall eit utrykk for at verken Macron eller europeiske land generelt har noko ønske om å bli dregne inn i ein situasjon som kan trappe opp konflikten. Eg trur motbøren Macron får etter utsegnene sine, absolutt ikkje er representative for leiinga i dei fleste europeiske land. Mange land er til dømes skeptiske til å ha eit Nato som er meir aktivt i Asia. Dette er noko USA ønskjer, for det vil støtte amerikanske interesser. Det andre Macron sa, som kanskje har fått meir merksemd i USA, er at Europa ikkje skal dilte etter amerikansk politikk, men ha ein sjølvstendig utanrikspolitikk. Det er også linja til Europa generelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.