Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?
Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?
Publisert Sist oppdatert

Tysdag den 25. juni dalar ein raud- og kvitstripa ballong ned i eit goldt landskap i den kinesiske regionen Indre Mongolia. Frå det som ser ut som eit kontrollrom, følgjer konsentrerte menn ballongferda og ser ballongen lande nett der han skal.

Ballongen har med seg dyrebar last: Eit hylster som inneheld materialprøver frå baksida av månen. Det er første gong i historia at måneprøver frå baksida – altså den sida vi ikkje ser frå jorda – er henta til planeten vår.

Det kinesiske nyhendebyrået Xinhua omtalar oppdraget som eit av dei mest komplekse og utfordrande i kinesisk romfartshistorie fram til no.

President Xi Jinping var full av lovord etter den vellukka romekspedisjonen og gratulerte alle som hadde gjort han mogleg. Han kalla hendinga ein milestolpe i arbeidet for å styrkje landet innan romfart, forsking og teknologi. Ei hending land og folk aldri vil gløyme.

Avansert

Ekspedisjonen har vore avansert. Ifølgje informasjon frå NTB og BBC vart romsonden Chang’e 6, oppkalla etter ei kinesisk månegudinne i kinesisk mytologi, skoten opp frå øyprovinsen Hainan 3. mai.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement