Kjønnsnøytralitet på helsa laus

Idealet om kjønnsnøytralitet har ført til at kunnskapen om kvinners helse er mangelfull og dårleg integrert i helsetenestene, seier professor Christine B. Meyer.

Kvinner har biologisk sett større helseutfordringar enn menn, mellom anna fordi dei går gjennom større hormonelle endringar fleire gonger i livet, seier Christine Meyer.
Kvinner har biologisk sett større helseutfordringar enn menn, mellom anna fordi dei går gjennom større hormonelle endringar fleire gonger i livet, seier Christine Meyer.

Nokre dagar før kvinnedagen la kvinnehelseutvalet fram rapporten som slår fast at det er store helseskilnader mellom kvinner og menn, men at desse ikkje er erkjende i utforminga av helse- og omsorgspolitikken: Kvinnehelse har låg status i forsking, i behandling og helsetenester og når det gjeld finansieringsordningane i helsevesenet. Oppdatert kunnskap om kvinnehelse når heller ikkje fram til helsetenestene, til utdanninga av nytt helsepersonell eller i informasjon til befolkninga i stort.

Christine B. Meyer er professor ved Noregs handelshøgskole og har vore leiar av kvinnehelseutvalet, som har jobba i to år.

– Kva ved funna har overraska deg mest?

– Eg var overraska over kor store kjønnsskilnader det er innan helse – både kor ulike sjukdomsforløp kvinner og menn i mange tilfelle har, og kor ulikt vi reagerer på medisinar. Då vi la fram rapporten, hadde vi med oss den kanadiske forskaren Cara Tannenbaum. Ho syner til at kvinner normalt berre treng halvparten av medisindosane. Kvinner får òg meir biverknader av medisinar enn menn. To av tre biverknader som vert rapporterte inn, kjem frå kvinner.

– Fordi kvinner får større dosar enn dei treng?

– Det kan kome av for store dosar, av at kvinner brukar lengre tid på å bryte ned medisin, og av skilnader i enzym mellom kvinner og menn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement