Klanen klamrar seg til makta
ALGERIE: Etter store protestar melde den sjuke president Abdelaziz Bouteflika måndag at han likevel ikkje stiller som kandidat til ein femte periode. Han vert sitjande til eit nytt styre er på plass.
Ungdomen gjekk i spissen då det algeriske folket gjekk i demonstrasjonstog over heile landet, by som bygd, for fyrste gong på 20 år.
Foto: Zohra Bensemra/Reuters/NTB scanpix
Ungdomen gjekk i spissen då det algeriske folket gjekk i demonstrasjonstog over heile landet, by som bygd, for fyrste gong på 20 år.
Foto: Zohra Bensemra/Reuters/NTB scanpix
Politikk
rakel.benon@gmail.com
Då meldinga kom måndag ettermiddag, feira algeriarar i gatene, men raskt dukka òg kritiske spørsmål opp: Kva inneber eigentleg orda til Bouteflika, eller kven det no er som har skrive meldinga i presidentens namn? Ny dato for valet vart ikkje presisert. Skeptikarar påstår at presidenten berre forlengar den fjerde perioden.
Heltane frå den blodige frigjeringskrigen frå kolonimakta Frankrike i 1950-åra er i dag obskure klanar som tviheld på makt og privilegium. Boutef, som han vert kalla, har vore president i 20 år. Sundag kom han attende til heimlandet etter eit sjukehusopphald i Sveits. I to veker var han innlagd «til kontrollar». Akkurat kor sjuk han er, får folket ikkje vite. Det er likevel ingen tvil om at det er mange år sidan helsa til presidenten tillét han å styre noko land.
Etter at han fekk hjerneslag i 2013, har han vore lenka til rullestolen og ikkje greidd å tale til folket, som knapt har sett han. Heilaggjeringa av eit digert bilete av presidenten som tek imot gåver og deltek på seremoniar, vert oppfatta som latterleg og audmjukande av folket. Det har vorte eit symbol på den usynlege makta. Med tomme bilderammer som rekvisittar har demonstrantane vist, med satire og humor, at dei ikkje er lettlurte. Over halvparten av folket er under 30 år, stadig fleire har høg utdanning.
Ingen veit heilt kven som eigentleg styrer landet. Dei to brørne til presidenten, Saïd og Nacer Bouteflika, er såkalla spesialrådgjevar og minister. Mora og søstera har ansvaret for kjøkenet for å unngå forgifting. Utanom den næraste familien har presidenten også knytt til seg ein klan av mektige og korrupte militære og forretningsfolk som fiksar dei beste eksportkontraktane til seg sjølve.
Algerisk vår?
Ungdomen gjekk i spissen då det algeriske folket gjekk i demonstrasjonstog over heile landet, by som bygd, for fyrste gong på 20 år. Demonstrasjonane starta 22. februar, då meldinga om at Bouteflika skulle stille til attval, kom.
Med få unntak har demonstrantane oppført seg eksemplarisk. Fleire samlar søppel undervegs. Dei eldste har gått mellom og skjerma politiet når ungdom har mista kontrollen over sinnet sitt. Dei siviliserte formene har vore naudsynte, for makta plar nytta kvart minste teikn til vald som påskot til fengsling og undertrykking.
– Silmia, silmia! ropar demonstrantane stadig til kvarandre. – Roleg, roleg!
Berre det å gå slik, samla på gatene, kvinner og menn med ulikt livssyn, frå alle sosiale lag, er i seg sjølv ein historisk siger. Tilgangen til det offentlege rommet har til no vore strengt regulert i Algerie. Om du sit for lenge i ro ein stad, og kanskje les eller – endå verre – pratar med nokon, vert du jaga av politiet.
Folket har vore tvinga til å halde seg heime, leve like usynleg som pasientpresidenten. Ein vert fengsla for ytringar og karikaturteikningar. Pressa er sensurert, og utanlandske journalistar slepp ikkje inn. Men no omgår altså Facebook-generasjonen sensur. Dei organiserer demonstrasjonar og generalstreik gjennom sosiale medium. Dei krev sanning, retten til å vite kven som styrer og kvar pengane tek vegen, i eit land som er sterkt prega av korrupsjon og har mykje arbeidsløyse og fattigdom.
Då den arabiske våren starta, i 2011, var ikkje Algerie klar. Ein av dei leiande ekspertane på Algerisk historie, franske Benjamin Stora, vil heller samanlikne det som no skjer i Algerie med «velurrevolusjonen» rundt fallet til Berlinmuren i 1989. Det var fredeleg. Folkemassane demonstrerte dag og natt, og kjensla av å leve under permanent overvaking forvitra. Makta som kjende seg isolert og truga, hadde ingen påskot til å ty til vald.
Blodige borgarkrigar
Abdelaziz Bouteflika er fødd i Marokko i 1937. Han voks opp i ein fattig familie i Oujda, på grensa til Algerie. Han gjekk på ein speidarskule som vart oppretta av kong Hassan II. Som 19-åring engasjerte han seg i frigjeringshæren, som kjempa for sjølvstende frå kolonimakta Frankrike. Etter sigeren vart han utanriksminister i den frie regjeringa.
I 1965 støtta Bouteflika oberst Houari Boumédiènes statskupp mot president Ahmed Ben Bella, og jobba med mentoren til han døydde i 1978. Då vart han skvisa ut av militærmakta og skulda for korrupsjon. Han levde nokre år i eksil i Dubai og Genève.
Ein blodig borgarkrig mellom militæret og islamistar herja Algerie i 1990-åra. Rundt 100.000 døydde i kampar og terroraksjonar. Titusenvis flykta frå landet. I denne perioden vart Boutef, helten frå frigjeringskrigane, kalla heim att til landet av militæret. I 1999 vart han president. Mot slutten av den andre perioden endra han lovene, slik at han kunne halde fram i ein tredje og fjerde periode.
Aldrande islamistar
Islamismen har relativt lite støtte i Algerie. Forskingsinstituttet The Soufan Group talde i 2014 berre 150 algeriske IS-soldatar, mot 5000 marokkanske og 2000 tunisiske. Den danske Maghreb-forskaren Rasmus Alenius Boserup trur Algerie vart vaksinert mot radikal Islam i det svarte tiåret (borgarkrigen i 1992–2002). Bouteflika gav islamistane amnesti då han kom attende til makta i 1999, og kjennarar fryktar at dei framleis finst i tusenvis, og at dei sit på gjerdet og ventar på den gylne timen sin. Men Boserup påpeikar at dei fleste islamistane er gamle no. Sjølv er han meir redd for at hæren skal ta makta.
Respekterer pasienten
Det er ikkje Bouteflika som person folket ytrar sinne mot. Fleire demonstrantar ytrar respekt for den sjuke og meiner han må få kvile. Det er systemet rundt han dei vil til livs. Avtalar vert gjorde under bordet mellom politiske, militære og økonomiske klanar som snik til seg det aller meste av rikdomen i landet.
Algerie er eit sterkt oljeavhengig land. Fleire fryktar at Algerie kan utvikle seg mot tilhøve som i Venezuela. Equinor, som mista fem tilsette i terroråtaket i In Amenas i januar 2013, har framleis store interesser i Algerie. Vestlege regjeringar ynskjer ikkje kaos i det nordafrikanske landet, som fungerer som ei slags grensevakt for afrikansk utvandring til Europa.
Dei splitta klanane rundt presidenten ser ikkje ut til å ha vorte einige om ein ny kandidat, og freistar vinne tid. Dei veit at om skuta går ned, druknar dei alle. Dei fleste har mykje å stå til ansvar for. Dei vil truleg gjere alt dei kan for å verne seg sjølve, same kva dei må utsetje folket for.
Då den arabiske våren starta, i 2011, var ikkje Algerie klar.
Bakgrunn
Abdelaziz Bouteflika har vore president i Algerie sidan 1999 og omgjev seg med ein klan av nær familie og mektige menn frå hæren og næringslivet
22. februar i år melde den sjuke presidenten, som no er 82 år, at han ville stille til val til ein femte periode 18. april.
Etter historiske demonstrasjonar over heile landet, som i all hovudsak har vore fredelege, trekte Bouteflika kandidaturet sitt måndag 11. mars.
Demonstasjonane held fram, no mot ein utvida fjerde presidentperiode.