Klarer ikkje å halde milliardflya i lufta

I USA er kampflyet F-35 tilgjengeleg for bruk berre halve tida. Er det grunn til å tru at situasjonen er betre i Noreg?

Ein F-35 frå U.S. Air Force under flyshowet Aero India i februar i år. Kampflya har vist seg å bli langt dyrare både i innkjøp og drift enn det som var planen.
Ein F-35 frå U.S. Air Force under flyshowet Aero India i februar i år. Kampflya har vist seg å bli langt dyrare både i innkjøp og drift enn det som var planen.
Publisert

September i år var ein dårleg månad for tidenes dyraste kampfly. Søndag 17. skaut ein amerikansk pilot seg ut av F-35-flyet sitt i nærleiken av Charleston i Sør-Carolina. Årsaka er ukjend, men flyet styrta i ein åker heile 100 kilometer frå staden der piloten landa. I over eit døgn visste ingen kor kampflyet – med ein prislapp på kring ein milliard kroner – var blitt av. Den underlege hendinga fekk brei mediedekning i dagane etterpå.

Mindre merksemd fekk rapporten som Government Accountability Office i USA la fram fire dagar seinare. GOA er eit motstykke til Riksrevisjonen i Noreg, og ein av konklusjonane i rapporten var meir oppsiktsvekkjande enn eit flykrasj: F-35-flya til USA er i snitt tilgjengelege berre 55 prosent av tida. Resten av tida står dei på bakken for vedlikehald, som ofte blir utsett fordi reservedelar manglar.

Skivebom

Dette er svært langt frå målet til Pentagon, som er at desse flya skal vere tilgjengelege 85 til 90 prosent av tida. Tala frå GOA er lei lesnad for det amerikanske forsvarsdepartementet, som skal kjøpe til saman nesten 2500 F-35-fly til ein samla kostnad på 18 billionar kroner. Da vil du ikkje at flya er utilgjengelege halve tida.

Den stygge statistikken frå USA reiser òg store spørsmål for Noregs del. F-35-avtalen med Lockheed Martin er det største offentlege innkjøpet som nokon gong er gjort her i landet. Sjølve flykjøpet, som for tida er vurdert å koste 91 milliardar, er ein mindre del av totalkostnaden. Det er drift og vedlikehald som verkeleg monar. Den forventa levetidskostnaden for dei 52 flya Noreg har tinga, er på heile 326 milliardar kroner fram til 2054. Til no er 40 av flya leverte. F-35 blir ofte omtalt som sjølve ryggrada i det norske Forsvaret i fleire tiår framover.

Men om USA, staten som har tinga og finansiert F-35, rår over kolossale militærressursar og kan kalle inn produsenten Lockheed Martin på teppet på kort varsel, ikkje klarer å halde F-35 operativt meir enn halve tida – kva er da stoda i vesle Noreg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement