Helse

Klinikken som kollapsa

Publisert

I 1989 byrja klinikken Gender and Identity Development Service (GIDS) ved Tavistock-senteret i London å behandle britar – inkludert ungdom – som streva med kjønnsdysfori. I starten var tilnærminga mest psykososial, men etter kvart vart behandling med pubertetsblokkering og hormonbehandling dominerande. I den nye boka Time to Think skildrar BBC-journalist Hannah Barnes ei usunn utvikling ved klinikken, basert på samtalar med ei lang rekkje tidlegare tilsette og pasientar.

Den raske auken i pasienttalet – i 2007 vart kring 50 ungdomar tilviste dit, i 2021 kom det 5000 – sprengde kapasiteten ved GIDS. Somme ungdomar fekk pubertetsblokkerande medisin etter svært overflatiske undersøkingar, og trass i at mange av dei strevde med andre ting enn kjønnsdysfori, mellom anna autisme, depresjon, angst eller eteforstyrring. Ein god del pasientar hadde opplevd seksuelt misbruk eller bar på andre traume, men ved GIDS var det liten kapasitet til anna enn behandlinga for kjønnsdysfori – som regel med pubertetsblokkering og kjønnshormon. Ifølgje boka til Barnes prøvde ei rekkje tilsette å protestere mot det dei meinte var uforsvarleg eller utilstrekkeleg behandling, men dei vart ikkje høyrde.

I fjor felte ein granskingskommisjon ein hard dom over GIDS. Om ungdomane hadde andre problem enn kjønnsdysfori, kunne det lett bli oversett, det var store hòl i kunnskapsgrunnlaget for behandlinga, dei tilsette hadde kjent seg pressa til å stadfeste opplevd kjønnsidentitet utan å stille spørsmål, og GIDS hadde ikkje samla systematiske data om pasientane og korleis det gjekk med dei seinare. I tillegg var ikkje klinikken i nærleiken av å kunne møte den veksande etterspurnaden, og ventelistene var svært lange.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement